Kommunedirektør
Sogndal kommune
- Frist 5.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du leia ein kommune i vekst med store ambisjonar?
Sogndal kommune har ei særleg rolle i Sogn. Kommunen er eit regionalt tyngdepunkt for utdanning, næringsliv, offentlege tenester, kultur og samfunnsutvikling, og ein kommune med sterke lokalsamfunn, høg kompetanse og stor utviklingskraft.
No søkjer vi ein kommunedirektør som kan samle, stabilisere og vidareutvikle. Du skal leie ein kompetent organisasjon med stort samfunnsengasjement, og bidra til at kommunen står støtt i møte med krevjande økonomiske prioriteringar, aukande tenestebehov og høge forventningar frå innbyggjarar, folkevalde og samarbeidspartnarar.
Som kommunedirektør får du ei nøkkelrolle i å skape ro, retning og gjennomføring. Du skal styrkje leiarskapet, byggje tillit, utvikle godt samspel mellom politikk og administrasjon og sikre at kommunen får gjennomført viktige prosessar. Samstundes skal Sogndal halde fram med å vere ein regional motor i Sogn, og bidra til vidare utvikling av næringsliv, lokalsamfunn og berekraftige tenester.
Dette er ei rolle for deg som ønskjer å setje kurs for ein region i utvikling, og som vert motivert av å samle sterke fagmiljø, lokalsamfunn og politiske ambisjonar til ei felles retning.
KVEN SER ME ETTER?
Vi søkjer ein trygg, tydeleg og samlande kommunedirektør som trivst i spenningsfeltet mellom politikk, fag og samfunn. Rolla krev ein leiar som evnar å skape tillit, stå støtt i krevjande situasjonar og samtidig sikre retning, prioritering og gjennomføring.
Du har god forståing for kva det inneber å leie ei politisk styrt verksemd, og du veit kor viktig det er med klare roller, gode prosessar og tillit mellom folkevalde og administrasjon. Du står støtt i krevjande situasjonar, kommuniserer klart og byggjer relasjonar gjennom openheit, involvering og respekt.
Vi ser etter ein leiar som er synleg og tilgjengeleg, og som evnar å utvikle leiargruppa til ei samla kraft. Du skaper retning gjennom tydelege prioriteringar, god involvering og systematisk gjennomføring. Du byggjer kultur, struktur og felles praksis på tvers av sektorar, fagområde og lokalsamfunn. Samstundes skal du bidra til at Sogndal i endå større grad kan opptre som éin samla kommune. Du har solid leiarerfaring frå større og komplekse organisasjonar, leiing av leiarar, organisasjon- og tenesteutvikling og økonomistyring. Du evnar å bruke tillitsvalde og partssamarbeidet på ein god måte for heilskapen.
Relevant høgare utdanning er ønskjeleg, men erfaring, resultat, personlege føresetnader og korleis du brukar eigne eigenskapar i leiarskapet ditt, vil bli tillagde stor vekt.
For å lykkast i rolla må du ha interesse for distriktskommunen sine moglegheiter og utfordringar, og raskt evne å forstå kulturen, identiteten og dynamikken som pregar Sogndal og Sogn. Vi ser etter ein kommunedirektør som engasjerer seg i lokalsamfunna og byggjer tillit og relasjonar på tvers av organisasjonen og regionen.
Lytt til podkasten der ordførar Stig Ove Ølmheim deler tankar om Sogndal kommune og rolla som kommunedirektør. Du finn episoden i podkasten «Human talk» på Spotify.
Ønskjer du ein uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga?
Våre rådgivarar i Human tek gjerne ein uforpliktande og konfidensiell prat med deg. Ta kontakt med Edvard Thormodsæter (958 82 299) eller Morten Myhren (482 24 660). Du kan òg ta kontakt med ordførar i Sogndal kommune, Stig Ove Ølmheim (48 10 48 40).
Søknadsfrist: 05.06.2026
Det vert utarbeidd offentleg søkjarliste i tråd med offentleglova. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette.
FerdigheterAI-generert
- Lede utviklingsprosesser
- Offentlig forvaltning
- Økonomistyring
- Organisasjonsutvikling
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune ligg midt i Sogn, og består av dei tidlegare kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal, som vart slått saman frå 1. januar 2020. Kommunen har i dag om lag 12 500 innbyggjarar, og har opplevd sterk vekst i folketalet dei siste åra.
Kommunen har sterke lokalsamfunn med ulike identitetar, lange tradisjonar og stort engasjement for eigen stad. Her finn du både levande bygder, eit aktivt sentrumsmiljø og ei regional rolle som gjer Sogndal viktig langt utover kommunegrensene.
Sogndal har store moglegheiter for vidare utvikling av gode tenester, livskraftige lokalsamfunn og regionalt samarbeid. Ambisjonen er å utvikle ein kommune som tek vare på det lokale mangfaldet, samstundes som vi byggjer meir fellesskap, retning og kraft som éin samla kommune.
- Sektor: Privat
- Sted: Sogndal, 6856 Sogndal
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomistyring og budsjettering, Samfunnsviter
Nøkkelord
Kommuneledelse, Toppledelse, Kommunedirektør, Politikk og forvaltning, Ledelse
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464158661
- Sist endret
