Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Herøy (M.R.)

Helsefagarbeidar

Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon blå

  • Frist 8.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Ønsker du å bidra til å fremje livskvalitet for personar med demens? Vi søker etter ein helsefagarbeidar som har eit varmt hjarte for dei som treng ro, tilpassa aktivitet, struktur og tryggheit. Vi har ledig ei fast 80 prosents stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå. Dette er ein seksjon for menneske med demens som har behov for skjerming. Seksjonen har 16 pasientar. Vi arbeider særskild med individretta miljøarbeid og personsentrert omsorg. 

Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Stillinga er ledig frå dags dato.


Arbeidsoppgåver

  • pleie- og omsorgsoppgåver
  • miljøterapeutisk arbeid og personsentrert omsorg
  • observasjon og dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk
  • bidra til ein strukturert, trygg og forutsigbar kvardag
  • bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • samarbeid med pårørande
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald, etter kompetanse for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy, og har gjerne erfaring med Gerica
  • gode norsk-kunnskapar, munnleg og skriftleg

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • du vert motivert av faglige utfordringer  i møte med personer med demens
  • du tek tek ansvar for eigne oppgåver, og sikrar at dei blir utført på ein god måte
  • du kommuniserer klart og tydeleg, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • du er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene dine samvitsfullt
  • du har evna til å handtere utfordrande situasjonar, roleg og profesjonelt
  • du bidreg til  å finne gode personsentrerte løysingar og støttande miljøtiltak
  • du møter pasientar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • du er trygg, rolig og føreseieleg i møte med personar med demens, samt god til å bygge tillit
  • du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • eit faglig sterkt og støttande arbeidsmiljø
  • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgaver
  • årsturnus
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
  • fagdag i turnus
  • elektroniske kurs gjennom Glup og Visma Veilederen
  • stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og omsorg

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Sissel Reite, Seksjonsleiar, +47 99210028

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5C

6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune


Referansenr.: 5128945481

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 08.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Sjukeheimsvegen 5C, 6092 Fosnavåg

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 464044201
  • Sist endret 18.5.2026, 16:55
Rapporter annonse