Barne- Og Ungdomsarbeider
STUDENTSAMSKIPNADEN I VOLDA
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å skape ein god kvardag for barna i Røysmarka studentbarnehage?
Er du ein engasjert barne- og ungdomsarbeidar? På jakt etter ein morosam og utfordrande jobb? Røysmarka studentbarnehage har ledig fast stilling frå 3. august.
Vi søkjer ein person med gode samarbeidsevner, relevant utdanning og/eller erfaring, som kan vere med å skape ein god kvardag for barna.
Personlege eigenskapar
· Initiativrik og omsorgsfull
· Engasjert og kreativ
· Fleksibel og løysingsorientert
· Gode samarbeidsevner
· Blikk for alle og tid for den enkelte
Arbeidsoppgåver
· Medansvar for å gjennomføre det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
· Vere ein god rollemodell for barna, foreldre og andre tilsette
· Aktivt vere med på å vidareutvikle barnehagen
· Jobbe godt i team, men også sjølvstendig
· Samarbeid med kollegaer, foreldre og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
· Gode norskkunnskapar
· Relevant utdanning og/eller erfaring
· Gode relasjonsferdigheiter
· Politiattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.
Vi tilbyr
· Varierte arbeidsdagar saman med dyktige kollegaer
· Utviklingsorientert arbeidsplass
· Godt samarbeid og arbeidsmiljø
· Gode pensjonsordningar
· Løn etter avtale
Våre verdiar
Omsorg, meistring, anerkjenning og gode relasjonar.
Sjå sivolda.no for meir informasjon om barnehagen.
Ferdigheter
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi i Studentsamskipnaden i Volda(SiVolda) arbeider for at studentane i Volda skal ha ein så fin og trygg studiekvardag som mogleg. SiVolda driv Røysmarka studentbarnehage, som er ein ideell privat barnehage. Den ligg ved Høgskulen i Volda og har to avdelingar for born i alderen 0-6 år.
- Sektor: Privat
- Sted: Kaarstadvegen 8A, 6105 Volda
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barne- og ungdomsarbeider
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
barne- og ungdomsarbeidar, barnehage, omsorg, samarbeidsevner, relasjonsferdigheiter
Av og til går vi på gardsbesøk der barna får nærkontakt med dyr (1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463216400
- Sist endret



