Lærar - Engelsk og kroppsøving
Vestland fylkeskommune
- Frist 31.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Lærar - Engelsk og kroppsøving
Austrheim vidaregåande skule ligg i Mastrevikane i Austrheim kommune. Vi er ein skule med om lag 200 elevar som kjem frå kommunar i Nordhordland samt Gulen og Solund. Skulen har studiespesialisering og ulike yrkesretta studietilbod. Austrheim vidaregåande skule har eit tett og godt samarbeid med næringslivet i Fensfjordområdet med fyrtårna Mongstad og Sløvåg og med kommunane i vårt område. Austrheim vgs set eleven i sentrum under mottoet "Me bryr oss!" ut frå ein filosofi om at trivsel er viktig for læring. Resultata frå elevundersøkingar viser at elevane skårar høgt på trivsel og at dei får faglege utfordringar.
Arbeidsoppgåver
Undervisning i faga:
* Engelsk
* Kroppsøving
Kvalifikasjonar
Undervisningskompetanse:
* Minst 60 stp i engelsk og kroppsøving/idrettsfag
* Godkjend pedagogisk utdanning
Personlege eigenskapar
* Evne til å byggje gode relasjonar med elevane
* Vilje og evne til å tenkje nytt for å utvikle undervisninga.
* Gode samarbeidsevner og vilje til lagspel
Det er krav om godkjend politiattest.
Vi tilbyr
* Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
* Eit særs godt arbeidsmiljø
* Gode høve til eiga læring og utvikling
* Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar
FerdigheterAI-generert
- Idrettsfag (AMO)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5943 Austrheim
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464033449
- Sist endret
