Dagleg Leiar
Lindås Idrettslag
- Frist 1.6.2026
- Ansettelsesform Prosjekt
Dagleg leiar Lindås Idrettslag
Lindås Idrettslag (LIL) søkjer ein engasjert, strukturert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vere med å styrkje og vidareutvikle laget som ein sentral møteplass i lokalsamfunnet.
LIL er eit fleiridrettslag med om lag 850 medlemmar fordelt på ni idrettar: fotball, handball, trim, tur, turn, discgolf, idrettsskule, volleyball og klatring. Dei ulike gruppene har eigne gruppestyrer med ansvar for aktivitetane. Klubben er inne i ei spennande utviklingsfase, med fokus på både sportsleg og organisatorisk vekst.
Lindås Idrettslag er ein frivillig, medlemsbasert organisasjon driven i tråd med retningslinjene frå Norges idrettsforbund. Vår visjon er: «aktivitet med rom og hjarte for heile bygda»
Stillinga er ei toårig prosjektstilling i inntil 100% stillingsprosent, med moglegheit for fast tilsetjing etter prosjektperioden.
Arbeidsoppgåver
Som dagleg leiar har du det overordna ansvaret for den daglege drifta av idrettslaget, og skal vere ein pådrivar for vidare utvikling av organisasjonen.
Leie klubb- og organisasjonsutvikling
Økonomiansvar
Iverksetje vedtak frå styret
Vere kontaktpunkt mot kommune, krets, forbund og samarbeidspartnarar
Leie marknads- og sponsorarbeid, samt søkje tilskot og støttemidlar
Sikre god dagleg drift og administrasjon
Koordinere samarbeidet mellom styret, trenarar og frivillige
Vidareutvikle aktivitetstilbod og arrangement
Ansvar for medlemsregister og kommunikasjon
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning er ønskjeleg (relevant erfaring kan kompensere)
Erfaring frå leiing, administrasjon eller breiddeidrett
God forståing for økonomistyring
Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
Gyldig politiattest er eit krav
Personlege eigenskapar
Engasjert, initiativrik og løysingsorientert
Dyktig relasjons- og nettverksbyggjar
Strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
Serviceinnstilt og tilgjengeleg for medlemmar og grupper
Kommersiell forståing og evne til å skape verdi gjennom samarbeid
Vi tilbyr
Ei sentral rolle i eit idrettslag i utvikling
Moglegheit til å påverke aktivitetstilbod og organisasjon
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
Fleksibel arbeidstid (noko kvelds- og helgearbeid må påreknast)
Deltaking på relevante kurs og samlingar
Løn etter avtale, med bonusordning
Pensjonsordning
Gode kontor og møte lokaler
Spørsmål om stillinga
Ta kontakt med:
Henrik Lindås, styreleiar
97 60 40 92
leiar@lindasil.no
Søknadsfrist: 01.06.26
Intervjuer blir gjort fortløpende
Ferdigheter
- Ledelse
- Økonomistyring
- Organisasjonsutvikling
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
LIL er eit fleiridrettslag med om lag 850 medlemmar fordelt på ni idrettar: fotball, handball, trim, tur, turn, discgolf, idrettsskule, volleyball og klatring.
Dei ulike gruppene har eigne gruppestyrer med ansvar for aktivitetane.
Klubben er inne i ei spennande utviklingsfase, med fokus på både sportsleg og organisatorisk vekst.
Lindås Idrettslag er ein frivillig, medlemsbasert organisasjon driven i tråd med retningslinjene frå Norges idrettsforbund.
Vår visjon er: «aktivitet med rom og hjarte for heile bygda»
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Veråsvegen 9, 5955 Lindås
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Ideelle organisasjoner, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
idrettslag, administrasjon, daglig leder, ledelse, økonomistyring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461705013
- Sist endret


