Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Stryn
Bilde fra arbeidsgiver
Fristen er utløpt

Produksjonsarbeidar

Førde Sementvare AS

  • Søknadsfrist 27.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du vere med å bygge framtidas løysingar i betong?

Førde Sementvare AS produserer betongelement til bygg- og anleggsbransjen over heile landet. Ein av fabrikkane våre ligg i Loen, i hjartet av Nordfjord, der vi leverer solide konstruksjonar som varer i generasjonar – og som vi er stolte av.

No søkjer vi fleire dyktige produksjonsarbeidarar som vil vere med å bygge kvalitet – frå botnen av.

Kva går jobben ut på?

  • Produksjon av betongelement med fokus på kvalitet i alle ledd

  • Konkrete oppgåver som forskaling, armering og jernbinding, støyping og kvalitetskontroll

  • Sikre effektiv og trygg produksjon

  • Aktivt bidra til orden, kvalitet og god HMS i kvardagen

Kven ser vi etter?

  • Du som likar betongfaget. Fagbrev er positivt, men ikkje eit krav

  • Erfaring med jernbinding, forskaling eller liknande arbeid er ein fordel – men ikkje eit krav

  • Du har praktisk sans, stå-på-vilje og likar fysisk arbeid!

  • Du tek ansvar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

  • Du må kunne kommunisere godt på norsk

Kva får du hjå oss?

  • Eit fagleg sterkt miljø innan betongkonstruksjonar

  • Trygg arbeidsplass i ei framtidsretta bedrift

  • Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving

  • Konkurransedyktig lønn, samt gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Jobbe med betong og produksjon i varmen – sjølv på kalde dagar!

  • Arbeidsstad i Loen – i verdas finaste omgjevnad

Interessant?Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat!

📧 karin@fsement.no
📞 938 56 025

Søk gjerne i dag – vi vurdera kandidatar fortløpande.

Ferdigheter

  • Formstøping
  • HMS-system (HMS: helse, miljø, sikkerhet)
  • Kvalitetskontroll
  • Norsk

Om arbeidsgiveren

Førde Sementvare AS produserer betongelement til bygg- og anleggsbransjen over heile landet.

Ein av fabrikkane våre ligg i Loen, i hjartet av Nordfjord, der vi leverer solide konstruksjonar som varer i generasjonar – og som vi er stolte av.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Lovikvegen 60, 6789 Loen
  • Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon
  • Stillingsfunksjon: Produksjon
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

betong, produksjonsarbeid, betongelement, forskaling

(1/2)

  • Bilde 1 av 2 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 2 i jobbannonse-galleriet
Førde Sementvare AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Karin Kleppe
  • Stillingstittel: Plassansvarleg Loen
  • Mobil: 93 85 60 25
Send meldingSend SMS
  • Hjemmeside

17 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Lovikvegen 60, 6789 Loen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 463741225
  • Sist endret 22.6.2026, 11:44
Rapporter annonse