Vik kommune har ledig 10 % fast stilling som lærar i visuell kunst
Vik kommune Samfunn
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Kulturskulen i Vik kommune er ein liten skule med totalt 1,8 årsverk, men heile 92 elevplassar. Dette gir eit tett og inkluderande miljø med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag og utviklinga av tilbodet.
Vik kommune søkjer ein engasjert og fleksibel lærar i visuell kunst til ei 10 % fast stilling ved Kulturskulen frå 1. august.
Stillinga inneber undervisning i visuell kunst for barn og unge i grupper. Vi ser etter ein lærar som kan inspirere elevane gjennom ulike kunstuttrykk og teknikkar. Kulturskulen har eigne lokale for visuell kunst, med gode moglegheiter for praktisk og kreativ undervisning.
Me tilbyr
- Ein arbeidskvardag med mening
- Moglegheit for å påverke og utvikle kunsttilbodet ved Kulturskulen
- Eit godt fagmiljø i ein liten, men aktiv Kulturskule
- Eit inkluderande og kreativt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Sjå meir om kulturskulen sine aktivitetar her:
https://www.vik.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kulturskule-2/
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan kunst, design, pedagogikk eller liknande er ønskjeleg
- Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring med undervisning av barn og unge er ein fordel
- Kompetanse innan ulike teknikkar og uttrykk, digitale kunstformer
- Gode samarbeidsevner og fleksibilitet
- Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Vi oppmodar både nyutdanna og erfarne søkjarar til å søkje.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463506210
- Sist endret



