Overlege - mikrobiolog
Mikrobiologisk laboratorium, Helse Førde
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Mikrobiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling som overlege frå 1. september 2026.
Mikrobiologisk avdeling er ei av 11 avdelingar i Medisinsk klinikk og leverer laboratorietenester innan bakteriologi, serologi og molekylærbiologi til heile Sogn og Fjordane. Vi mottek og analyserer, og rapporterar svar til avdelingar i Helse Førde, eksterne legekontor og kommunale institusjonar.
Fag og teknologi er i rask utvikling, særleg innan molekylærbiologi. Dei siste åra har vi etablert fleire nye analysar, og i 2025 vart laboratoriearealet innan molekylærbiologi utvida.
Mikrobiologisk avdeling har fokus på kvalitet og er akkreditert etter standard for medisinske laboratorium NS-EN ISO 15189. Vi er eit tverrfagleg miljø med 27 tilsette og tett samarbeid mellom legar, bioingeniørar, molekylærbiologar, avdelingsingeniørar og sekretærar.
Vi har regionalt samarbeid med mikrobiologiske avdelingar ved sjukehusa i Stavanger, Haugesund og Bergen – som alle nyttar same laboratoriedatasystemet; Unilab700. Avdelinga deltek også i lokale laboratorieprosjekt i Helse Førde, samt prosjekt knytt til Nye Førde sjukehus der ein jobbar med vidare modernisering innan bygg og instrumentpark.
Stillinga gir arbeidsoppgåver innan heile det mikrobiologiske fagfeltet. Arbeidstid er måndag – fredag kl. 08:00 – 16:00. Stillinga inngår i overlegane si vaktordning på laurdagar og heilagdagar.
Sjå meir informasjon om avdelinga på nettsidene til Helse Førde: Mikrobiologisk avdeling - Helse Førde HF
Arbeidsoppgåver
- Medisinsk vurdering og godkjenning av mikrobiologiske prøvesvar
- Deltaking i kvalitetsarbeid og utvikling
- Rådgjeving til rekvirentar og tilsette
- Overordna ansvar for undervisning i og utafor avdelinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent spesialist i medisinsk mikrobiolog
- Arbeidserfaring innan heile det mikrobiologiske feltet vert vektlagt
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg, og søkjarar utanfor Skandinavia må kunne vise til dokumentasjon på dette
- Erfaring med laboratoriesystemet Unilab er en fordel
Personlege eigenskapar
- Interesse for fagfeltet og evne til å tileigne seg ny kunnskap
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjon
- Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Kompetente kollegaer i tverrfagleg miljø
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marianne Schiefloe Myklebust, Konstituert Avdelingssjef, (+47) 986 64 325Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5118200588
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463477083
- Sist endret


