Phd-stipendiat - klinisk forskning innan hofte- og kneprotesekirurgi (DART-studien)
Seksjon for forskning og utdanning, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 26.5.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Vil du ta ein PhD i eit klinisk forskingsprosjekt som kan bidra til å utvikle framtidas pasientforløp for hofte- og kneprotesepasientar?
Helse Møre og Romsdal søkjer ein ambisiøs og nyfiken PhD-kandidat til DART-studien (Daycase Arthroplasty in Møre and Romsdal Trial), eit klinisk forskingsprosjekt som undersøker korleis hofte- og kneprotesekirurgi kan gjennomførast trygt og effektivt som dagkirurgi. Prosjektet tek utgangspunkt i kliniske problemstillingar frå ortopedisk praksis og har som mål å generere kunnskap som kan påverke framtidig organisering av pasientforløp etter hofte- og kneprotesekirurgi.
Stillinga er tilknytt Forsking og innovasjon i Helse Møre og Romsdal HF, og kandidaten vil bli ein del av eit aktivt klinisk forskingsmiljø med etablerte samarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsgrupper. Hovudrettleiar er Frank-David Øhrn, ortopedisk kirurg, PhD og forskar ved SNR, Helse Møre og Romsdal HF.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av forskingsprosjektet
- Innsamling og analyse av kliniske forskingsdata frå sjukehusa i Volda, Ålesund og SNR Hjelset
- Publisering av vitskaplege artiklar i internasjonale tidsskrift
- Samarbeid med kliniske og akademiske forskingsmiljø, inkludert NTNU
- Gjennomføring av den teoretiske delen av Phd-programmet ved NTNU
- Noko reising mellom sjukehusa må påreknast
Kvalifikasjonar
- Profesjonsstudium i medisin eller mastergrad innan helsefag (til dømes sjukepleie, fysioterapi, folkehelse eller tilsvarande)
- Oppfylle NTNU sine krav til opptak til Phd-program
- Interesse for klinisk forsking
- Gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Ønskte kvalifikasjonar:
- Erfaring med statistiske analysar (Stata, R eller liknande)
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg nysgjerrig og motivert for forskning
- Du er strukturert og analytisk
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig over tid
Vi tilbyr
- Eit spennande PhD-prosjekt med høg klinisk relevans innan eit fagfelt i sterk vekst
- Rettleiing i eit aktivt forskingsmiljø innan ortopedisk kirurgi
- Samarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø
- Moglegheit til å publisere i internasjonale vitskaplege tidsskrift
- Fleksibilitet til å kombinere klinisk arbeid og forskarutdanning der det er aktuelt
- Finansiering over tre år frå Helse Midt-Norge – ei trygg og føreseieleg ramme
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Kontaktinformasjon
Endre Grøvik, Forsknings- og utdanningssjef, endre.grovik@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5118770341
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 26.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463469796
- Sist endret



