Klubbarbeidar
Time kommune
- Frist 01.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Klubbarbeidar
Me treng to nye medarbeidarar ved Humla fritidsklubb
Arbeidsoppgåver
Me treng to nye medarbeidarar ved Humla fritidsklubb på Bryne. Humla FK er ein klubb lagt til rette for vaksne menneske med funksjonsnedsetting. Klubben held til i lokala til Time frivilligsenter kafe og aktivitet, og har ope annakvar måndag i partalsveker. Arbeidstida er frå kl. 17.00 - 21.30 og utgjer 6% stilling. Humla følgjer skuleruta og held stengt når skulane er stengt.
Saman med to andre tilsette vil dei som vert tilsett få ansvar for å gjennomføra klubbkveldane. Dei tilsette rullerer på arbeidsoppgåvene. Oppgåvene inkluderer:
- planlegging, organisering og gjennomføring av aktivitetar, til dømes karneval, bingo, lagekveldar eller konsertar.
- miljøarbeid. Bidra til eit triveleg miljø for gjestene.
- sal av varer og mat i kiosken.
- enkel førebuing av varm mat, pizza, pølse, karbonader og liknande.
- innkjøp av varer til kiosk og matsal og utstyr som trengs for å gjennomføra aktivitetar.
- ønska gjester velkommen, ta imot inngangspengar og selja medlemskort.
- rydding.
Det kjem vanlegvis mellom 50 og 60 gjester. I tillegg vert det arrangert ein fest ein fredagskveld kvart halvår med noko fleire gjester.
Humla fritidsklubb vert drifta og finansiert av Klepp og Time kommunar.
Kvalifikasjonar
Erfaring frå arbeid med målgruppa.
Personlege eigenskapar
Den som vert tilsett må ha lyst til å arbeida med målgruppa, vera omgjengeleg og kontaktskapande. Det er viktig at du kan setta grenser ved behov og at du har godt humør.
Dei som blir tilsett må kunne legge fram politiattest ved oppstart.
Vi tilbyr
Gode pensjonsordningarLøn etter tariff/avtale
Ein spennande og variert arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
FerdigheterAI-generert
- Enkel matlaging
- Levering av materialer og utstyr
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
- Bransje: Annet, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
klubbarbeider, fritidsklubb, fritid, klubb
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463452432
- Sist endret



