Miljørettleiar
Time kommune
- Frist 29.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Miljørettleiar
Frøyland ungdomsskule har ledig ein stilling som miljørettleiar. Me søker deg som vil vera med på ein spennande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god skulekvardag der barn og unge får utvikla seg. Du vil vera viktig fagperson som saman med lærarane og leiinga vil sikra at den enkelte elev vert teken på alvor og sett kvar dag.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vera varierte. Du vil blant anna samarbeida med lærarar, føresette og få ansvar for å følgja opp elevar enkeltvis, i grupper og i klassarKvalifikasjonar
Relevant utdanning som:
Bachelorutdanning som f.eks. vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom. Andre utdanningar kan òg vera aktuelle. Det er ønskeleg med tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Du har pågangsmot og er initiativrikViser god omsorg og engasjement
Du er robust, fleksibel og løysingsorientert
Har god relasjonskompetanse
Er sjølvstendig samtidig som du er ein lagspelar
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
Det vert lagt vekt på om søkjaren er personleg eigna til jobben
Me tilbyr
Me har ledig ein stilling som miljørettleiarar i fast stilling 80 % frå 01.08. 2026. Lønn etter tariff. Me søker deg som vil vera med på ein spennande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god skulekvardag der barn og unge får utvikla seg. Du vil vera viktig fagperson som saman med lærarane og leiinga vil sikra at den enkelte elev vert teken på alvor og sett kvar dag. Hos oss vil du bli del av eit utviklingsorienert personal som er opptatt av at alle elevane skal oppleva skulekvardagen som relevant og motiverande. Personalgruppa er kjenneteikna av godt samhald, humør og engasjement.FerdigheterAI-generert
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gåsevikvegen 2, 4355 Kvernaland
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Veileder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøveileder, Miljørettleiar, Vernepleier, sosionom, barneventspedagog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462846942
- Sist endret

