Avdelingsleiar
Kunsthuset Kabuso
- Frist 15.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar søkjast til Kunsthuset Kabuso
Kunsthuset Kabuso er eit profesjonelt kunstsenter, med eit variert tilbod innan samtidskunst, konsertar og formidling. Verksemda omfattar skiftande kunstutstillingar, drift av konsertsal, kafé og butikk, samt forvalting av Ingebrigt Vik-samlinga og Kvam bygdemuseum. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar som vil vere med på å vidareutvikle Kabuso som kunstinstitusjon og møteplass.
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å forme profilen til Kabuso, med ansvar for både kunstnerisk utvikling, dagleg drift og strategisk leiing. Du vil arbeide tett saman med dyktige medarbeidarar og vere ein del av leiargruppa i Hardanger og Voss museum.
Du vil rapportere til direktør for Hardanger og Voss museum. Arbeidsstad er Øystese.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar vil du vere kunstnerisk leiar og ha det overordna ansvaret for drift og utvikling av Kunsthuset Kabuso. Rolla kombinerer fagleg, administrativt og økonomisk ansvar, og inneber stor grad av sjølvstende i utforming av verksemda. Samstundes inneber rolla operative oppgåver i kvardagen, og vi ser etter deg som trivst med å bidra der det trengst. Som avdelingsleiar har du ansvar for å forvalte samlingar og sikre at drifta skjer i tråd med gjeldande føringar, vedtak og mål for museet. Du vil mellom anna ha ansvar for å
leie og vidareutvikle den faglege profilen ved Kabuso, inkludert kuratering og planlegging av utstillingar og konsertar
utvikle program og aktivitetar i tråd med Kabuso si rolle som kunstsenter og møteplass
ha personalansvar for tilsette og følgje opp eit godt arbeidsmiljø
planlegge og følgje opp budsjett i samarbeid med økonomifunksjonen i museet
sikre god drift av bygg, samlingar og tekniske fasilitetar
representere Kabuso utad og bygge relasjonar til kunstnarar, samarbeidspartnarar og relevante fagmiljø
bidra til utviklinga av Hardanger og Voss museum som heilskap
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har solid fagleg forankring innan kunstfeltet og evne til å kombinere dette med leiing og drift. Du trivst med å arbeide både strategisk og operativt, og har evne til å skape engasjement og retning. Vi trur du er ein person som leier gjennom tillit og involvering, og legg til rette for fagleg autonomi hjå medarbeidarane dine samstundes som du gir tydeleg retning. Det er ønskjeleg at du har
relevant høgare utdanning innan kunsthistorie, kunstfag eller tilsvarande
fleire års erfaring frå kunst- eller kulturfeltet
leiarerfaring og erfaring med personalansvar
god økonomiforståing og erfaring med budsjettarbeid
gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
Vi trur du er ein leiar med høg gjennomføringsevne og evne til å sjå moglegheiter for vidare utvikling av Kabuso. Du har god sosial intelligens, trivst med å bygge relasjonar og evnar å skape tillit både internt og eksternt. Det er viktig for oss at du forstår Kabuso si rolle i lokalsamfunnet, og klarer å balansere internasjonale ambisjonar med lokal forankring. Du må vere komfortabel med å ta faglege avgjerder og stå i dei. Vi ser etter deg som ønskjer å utvikle institusjonen over tid, og som motiverast av å skape varige resultat.
Kvifor Kunsthuset Kabuso?
Hos oss får du ei spennande leiarstilling med stor påverknad på utviklinga av eit etablert kunstsenter med ambisjonar for framtida. Du vil bli ein del av eit fagleg sterkt og engasjert miljø, der samarbeid, kvalitet og formidling står sentralt.
Vi tilbyr
ei variert og meiningsfull leiarstilling i ein sentral kulturinstitusjon
eit godt og uformelt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
moglegheit til å påverke utviklinga av kunst- og kulturtilbodet i regionen
konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar
Søknadsfrist: 15. juni – me vurderer søknader fortløpande.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga? Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevarane
Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. 984 72 541
Allette Solberg, tlf. 900 20 132
Registrer og send inn CV og søknad, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i Hardanger og Voss museum i den innleiande fasen (dette gjeld også for interne søkjerar) Tiltreding etter nærare avtale.
Ferdigheter
- Bransjekunnskap (kunst, kultur og media)
- Budsjettarbeid
- Collections Management (FI-FSCM-COL)
- Drift av kunst- og kunstindustrimuseer
- Drift av tekniske anlegg
- Kunsthistorie
- Programutvikling
- Utstillingsproduksjon
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kunsthuset Kabuso opna dørene i 2006. Huset er bygd som Hordaland fylke sin tusenårsstad og vart same år ein del av det konsoliderte Hardanger og Voss museum. Kabuso skal vera ein møteplass for alle – ein stad for dei gode kunstopplevingane. I Kabuso sitt tilbod finn ein òg det permanente kunstverket Hardanger Skyspace og skulptursamlinga Ingebrigt Vik museum frå 1934.
Kabuso er eit aktivt kunsthus med program heile året:
Konsertar, omvisingar og eit eige barneprogram er mellom det du kan oppleva. Her finst òg kafé og gåvebutikk som held ope i Kabuso sine opningstider. Lokale av ulik storleik og utrusting kan og leigast for private arrangement. Kunsthuset Kabuso har om lag 12 000 besøkande årleg og er ein viktig møteplass i regionen, med eit breitt tilbod til både lokalbefolkning ogtilreisande.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
- Bransje: Event og arrangementer, Kunst og kultur, Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomi og regnskap, Utøvende kunst
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
avdelingsleiar, kunsthus, kunstformidling, kuratering, økonomistyring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463447221
- Sist endret