Undervisningsstilling (lærar) –100% stilling - Leiknes skule
Alver kommune
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Ved Leiknes skule er det ledig inntil to faste stillingar frå 01.08.2026
Leiknes skule er ein moderne fulldelt barneskule med om lag 170 elevar og 30 tilsette. Skulen ligg ved Osterfjorden, 7 km køyring frå Knarvik. Skulen er ein DUÅ- skule og jobbar kvar dag mot å nå visjonen vår: «Leiknes skule - meistring og glede i fellesskap.»
Skulen sine satsingsområde er klasseleiing, lesing og førebyggjande skulemiljøarbeid med vekt på endring- og utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er undervisning på 1.-7. trinn og kan innebere kontaktlæraransvar. Skulen treng lærarar som kan undervise i alle fag. Stillinga vil innebere å samarbeide tett i klasse- team med fokus på eit inkluderande læringsmiljø med felles ansvar for gjennomføring av ordinær undervisning i klassane, intensiv opplæring og individuelt tilrettelagt opplæring.
Det er særleg ønskjeleg med kompetanse og erfaring innan begynnaropplæring.
Kvalifikasjonskrav
Kompetanse
- Godkjent undervisningskompetanse for barnetrinnet etter opplæringslova § 17-3 og § 17-4
- Utdanning som gjev undervisningskompetanse i 1.-7. trinn. Grunnskulelærarar med denne kompetansen vert prioritert
- God kompetanse i grunnleggjande lese-, skrive- og rekneopplæring og begynnaropplæring
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Autoritativ klasseleiar som evnar å byggje gode relasjonar til elevar og føresette
- Gode faglege og didaktiske kunnskapar
- Erfaring frå undervisning og kontaktlærarerfaring er ønskeleg
- I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede
Vi tilbyr
Som ein del av vår skule får du moglegheita til å vere ein del av eit engasjert og dyktig lærarteam. Du vil jobbe saman med flotte elevar som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtaleverket, som reflekterer dine kvalifikasjonar og erfaring.
God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen som ein verdifull tilvekst til vårt lærarteam.
Søk no og bli med på å forme våre elevar si framtid!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463356738
- Sist endret
