Geodataforvaltar
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 27.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Geodataforvaltar
Møre og Romsdal har 3200 kilometer fylkesveg – like langt som ein køyretur frå fylket vårt og heilt til Roma. Langs desse vegane arbeider vi kvar dag med drift, vedlikehald og utvikling, og dei neste fire åra skal vi investere over 2 milliardar kroner i ny infrastruktur. Grunnlaget for å planleggje, drifte og ta vare på vegane er ein oppdatert Nasjonal vegdatabank. Den Nasjonale vegdatabanken, NVDB, inneheld digitalisert informasjon om alle våre objekt på og langs veg. Å oppdatere NVDB er eit kontinuerleg arbeid, fordi alt som blir bygd, endra eller fjerna, skal registrerast i NVDB.
Som geodataforvaltar har du som oppgåve å registrere og ajourhalde NVDB, samt oppdatere data i Felles kartdatabase (FKB). Dette inneber kvalitetskontroll av dataleveransar frå entreprenørar på våre driftskontraktar, fagkontraktar, investeringsprosjekt og gjennomføringsavtalar. Stillinga omfattar også tilrettelegging og forvaltning av kart- og fagdata til plan- og utbyggingsprosjekt, samt forvaltning av kartdata gjennom samarbeidet i Norge digitalt og Geovekst.
Samferdsel har kontorstad i Ålesund, Molde og Kristiansund. Denne stillinga er lagt til Kristiansund, med kontorstad Campus Kristiansund. I løpet av året må det reknast med noko reiseverksemd til dei andre lokasjonane i samband med møte og samarbeid, både internt og eksternt.
Arbeidsoppgåver
· Utarbeide objektlister, ta imot og bearbeide dataleveransar til Nasjonal vegdatabank (NVDB) og Felles kartdatabase (FKB).· Forvalte og oppdatere informasjon av data som ligg i NVDB og FKB. Andre databasar kan også vere aktuelle, til dømes EKOM-registeret.
· Kommunisere og gi rettleiing til entreprenørar og byggeleiarar for å sikre korrekt levering til NVDB og FKB.
· Forvalte geodata internt i fylkeskommunen og gjennom samarbeid i Norge digitalt og Geovekst.
· Vere fagressurs innan geodata i tverrfaglege prosjektgrupper for plan-, drifts- og byggjeprosjekt.
· For rett vedkomande vil det vere aktuelt å utvikle og forvalte produksjonsløype mellom programvare for tilstandsregistrering ute i felt og NVDB ved bruk av FME.
· For rett vedkomande kan noko kartproduksjon inngå som ein del av arbeidsoppgåvene (ArcGIS).
Kvalifikasjonar
· Relevant høgare utdanning innan geodata/GIS frå høgskule eller universitet. Fagutdanning med relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.· Gode munnlege kommunikasjonsevner på norsk.
· Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
For å lukkast i stillinga er det viktig med ansvarskjensle og forståing for kor viktig oppdaterte data i NVDB og FKB er. I ein travel kvardag kan leveranse til geodata bli nedprioritert, og ein geodataforvaltar blir derfor forventa å bidra til framdrift, utvikling og kontinuerleg styrking av fagområdet – både for seg sjølv og for oss.Som geodataforvaltar er det mykje konsentrasjonsarbeid, noko som krev at du er tolmodig, nøyaktig og arbeider systematisk. Samstundes er det behov for samhandling, og du må ha evne til å etterspørje dataleveransar frå andre, med rett kvalitet. Det er difor viktig at du svarar når nokon tek kontakt, eller sjølv tek initiativ til dialog med entreprenørar, kontrollingeniørar, byggjeleiarar eller andre, slik at rett data blir levert.
Vi tilbyr
· Kontorstad i flotte lokale ved Campus Kristiansund.· Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø, kjenneteikna av høg profesjonalitet og sterke fagmiljø.
· God tilgang til faglege nettverk og moglegheiter for fagleg utvikling.
· Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring.
· Løn etter avtale.
FerdigheterAI-generert
- Administrere data, informasjon og digitalt innhold
- Behandle data
- Geoinformatikk
- Objektdatabase
- Sette sammen GIS-data
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Oppmåling og kartlegging
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Geodataforvalter, GIS ingeniør, geodata, byggingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463327136
- Sist endret

