Arrestforvarar
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Frist 27.05.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Bli med i teamet for eit trygt Noreg! Sivile stillingar som arrestforvarar
Om stillinga
Vil du arbeide i ei stor og kompleks verksemd der du får ta del i eit viktig samfunnsoppdrag? Har du gode kommunikasjonsferdigheiter, er omsorgsfull og klarer å behalde roa i stressande situasjonar?
Vi søkjer etter deg som ønskjer å delta i eit pilotprosjekt, der tre stillingar er nyoppretta med varigheit ut 2027. Du vil bli tilsett som arrestforvarar. Arbeidsoppgåvene er arrestjeneste, transportar og framstillingar. I tillegg vil du få arbeidsoppgåver innanfor grensekontroll. Det er ikkje stilt krav til politiutdanning.
Hovudarbeidsstad vil vere Kristiansund politistasjon, men du skal også gjere teneste ved Molde politistasjon. Arbeidsgivar har tenestebil og forflytting mellom lokasjonane vil inngå i arbeidstida. Du vil høyre til den operative delen av politiet hos seksjon for vakt og beredskap i Kristiansund. Til stillinga ligg avgrensa politimyndigheit.
Tenesta som arrestforvarar med tilleggsoppgåver innan grensekontroll er allsidig og personlege eigenskapar er vektlagt. Ein må vere fysisk og psykisk robust, og vere klar for ein variert kvardag. Du vil primært jobbe på dagtid, noko kveld og kvar tredje helg. Noko tjeneste på natt må påreknast ved behov.
Hovudansvaret for arresttenesta er å sikre at praktisering av regelverket om innsetjing og opphald i arrest skjer på ein einsarta og god måte. Vidare skal vi sjå til at omsynet til liv og helse til arrestantane er vareteke i samsvar med gjeldande regelverk. Arbeidsoppgåvene innan grensekontrollar vil vere kontrollar i samband med publikumsoppmøte ved politistasjon. Opplæring vil bli gitt.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi søkjer medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og som er gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Hos oss møter du menneske i ulike situasjonar, ofte i krise, og vi har høge forventningar til korleis du representerer politiet - både fagleg og etisk.
Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum gjennom kommunikasjonen din, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- vareta tryggleiken, helsa og rettane til innsette i politiarresten
- arbeidsoppgåver knytt til handtering og forvaring av arrestantar
- visitere, forpleie og føre tilsyn av personar som er pågripne og tekne med til politiarresten
- bidra til god planlegging og koordinering av transportoppdrag
- transportere og framstille innbragte, pågripne og varetektsfengsla
- registrering av arrestantar (DNA, foto mv.)
- utføre grensekontrollar ved Kristiansund politistasjon og enkelte kontrollar ved Molde politistasjon
- andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
Dette må du ha:
- fullført vidaregåande opplæring med studiekompetanse eller fagbrev. Dokumentasjon må leggast ved søknaden. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- førarkort klasse B
- god skriftleg og munnleg i norsk og engelsk
- grunnleggande IKT-kompetanse
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Du må også vere villig til å ta nødvendige kurs og utdanningar.
Det er også ønskjeleg med
- relevant utdanning/erfaring frå sikkerheitsrelaterte yrker
- anna relevant yrkeserfaring
- kunnskap om andre kulturar
Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d) for å bli vurdert.
Personlege eigenskapar
For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du
- har særleg gode kommunikasjonsevner og evne til å vise omsorg i til tider hektiske situasjonar
- er robust, med dette meiner vi at du må tole å stå i tøffe psykiske og fysiske situasjonar og å kunne setje grenser
- har god arbeidskapasitet og er fleksibel i forhold til skiftande arbeidsoppgåver
- er nøyaktig
- har god etisk forståing av rolla du har, er profesjonell og opptrer respektfullt overfor innsette, kollegaer og samarbeidspartnarar
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her (https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/).
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ein meiningsfull arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø knytt til politiet si operative tjeneste
- gode utviklingsmoglegheiter og operativ trening
- midlertidig stilling som arrestforvarar (stillingskode 1531) med brutto årslønn frå kr. 485 000 til kr. 585 000. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert.
- i tillegg får ein godtgjersle etter gjeldande Særavtale om arbeidstidsbestemmelser for politiet, som for tida er på kr 44 708 kr. per år, og tillegg for eventuell turnustjeneste
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no (https://www.spk.no). Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- mogelegheit for trening i arbeidstida
- tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten ).
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
FerdigheterAI-generert
- Grensekontroll
- Modul 1, 7 dager - grunnleggende IT forståelse
- Transportplanlegging
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Storgata 43, 6508 Kristiansund N
- Bransje: Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Annet, Politi, Sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463352109
- Sist endret



