Fagarbeidarar og assistentar
Time kommune
- Frist 29.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagarbeidarar og assistentar
Me søkjer etter fortrinnsvis fagarbeidarar og/eller assistentar til skulen sin SFO som ligg sentralt i "den grøna bygdå" Undheim. Skulen og SFO er plassert mellom idrettsanlegg, idrettshall og barnehage.
Me har ledig 2 stillingar 40% i SFO.
Me søkjer deg som vil vere med på ein spanande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er på skapa ein god skulekvardag der barn og unge får utvikla seg. Du vil vere ein viktig fagperson, som saman med lærarane og leiinga vil sikra at den einskilde elev vert teken på alvor og sett kvar dag.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil verta varierte. Du vil blant anna samarbeida med lærarar, andre tilsette og føresette samt få ansvar for å følja opp elevar enkeltvis.Kvalifikasjonar
Relevant utsanning som:
- fagarbeidar, fortrinnsvis barne- og ungdomsarbeidar.
- andre med andre fagbrev
- assistentar med erfaring frå SFO kan og søke
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Du har pågangsmot og er initiativrik
- Visar god omsorg og engasjement
- Du er robust, fleksibel og løysningsorientert
- Har god relasjonskompetanse
- Er sjølvstendig samtidig som du er ein lagspelar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spanande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
FerdigheterAI-generert
- Barne- og ungdomsarbeiderfag (AMO)
- Norsk
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Bjønnholen 10, 4342 Undheim
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Annet, Barne- og ungdomsarbeider, Skoleassistent
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sfo, skolefritidsordning, fagarbeider, barne- og ungdomsarbeider, assistent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463249105
- Sist endret





