Sjukepleiarar
Medisinsk sengepost Lærdal, Helse Førde
- Frist 25.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å bu på ein liten plass med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Er du i tillegg sjukepleiar?
Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!
Lærdal sjukehus har ledige stillingar for sjukepleiarar ved medisinsk sengepost:
- 2 x 80 % faste stillingar, oppstart snarest
- 1 x 100 % vikariat, oppstart snarest til 01.09.2027
- 1 x 90 % vikariat, oppstart snarest til 01.09.2027
- 1 x 80 % vikariat, oppstart snarest til 01.09.2027
Stillingane er i utgangspunktet ikkje planlagde delte.
Sengeposten har 14 senger inkludert 2 overvakingssenger. Om lag 95 % av iInnleggingane er augeblikkeleg hjelp, medan 5 % er elektive pasientar. Vi er ein generell medisinsk sengepost med mykje pasientar innan hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar.
Her har vi eit godt fagmiljø, samstundes som vi ikkje er større enn at vi bli godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid samt gode moglegheiter for å skaffe seg nye bekjente.
Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheiter for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.
Meir informasjon om Lærdal kan du lese her.
Ønskjer du meir informasjon om stillingane, kan du ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar på sengepost
- Sjukepleie til medisinske pasientar
- Arbeid i snitt kvar tredje helg, moglegheit for langvakter på helg
- Delta i daglege arbeidsoppgåver som ligg til avdelinga
- Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
- Bidra i opplæring og rettleiing av studentar
- Utføre arbeidsoppgåver delegert frå leiar
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
- Må ha godkjend norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring innen overvåking blir vektlagt
- Det er ønskjeleg med videreutdanning innen kardiologi eller intensiv, men ikke absolutt krav
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Gode IKT-kunnskapar
- Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du ønskjer å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du er fagleg engasjert
- Du jobbar strukturert og målretta
- Du er fleksibel og tilpasningsdyktig
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Personalhytte på Filefjell
- Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5126548963
Stillingsprosent: 100, 80, 90%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 25.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462874360
- Sist endret


