Seljar eller Sivilingeniør
Førde Sementvare AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli seljar eller sivilingeniør hos Førde Sementvare?
Vil du bli seljar eller sivilingeniør hos Førde Sementvare? Bli ein viktig rådgjevar inn i eit sterkt fagmiljø, arbeid tett med kundar og prosjekt, og bygg vekst og berekraft i lokalt lag.
Førde Sementvare AS er ei lokal og solid industriverksemd med lange tradisjonar innan produksjon av betong- og sementvarer. Vi leverer kvalitetsprodukt til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør i regionen. Vi har omlag 75 ansatte.
Gjennom høg fagkompetanse, moderne produksjon og sterk lokal forankring bidreg vi til utvikling og verdiskaping i Sunnfjord og på Vestlandet.
Vi er eit konsern med ambisjonar for vidare vekst og utvikling, og legg stor vekt på kvalitet, berekraft og langsiktig forretningsdrift. Hjå oss jobbar engasjerte medarbeidarar som er stolte av faget sitt og av verksemda dei er ein del av.
No ser vi etter 2 nye medarbeidarar til å styrke laget vårt: Seljar og Sivilingeniør
Seljar - Førde Sementvare AS
Vil du jobbe med sal av konkrete byggjeløysingar – og bli ein viktig rådgjevar for kundane våre?
Førde Sementvare er ei solid industriverksemd med sterke røter i regionen og ambisjonar for vidare vekst. No søkjer vi ein engasjert seljar som vil vere med å utvikle marknaden vår og skape gode løysingar for kundane våre.
Hos oss jobbar du tett på både kundar, prosjekt og produksjon – og får vere med å påverke løysingane frå tidleg fase til ferdig leveranse.
Dette kjem du til å jobbe med:
- Utarbeiding og oppfølging av tilbod
- Aktiv kundekontakt og relasjonsbygging
- Oppfølging av både eksisterande og nye kundar
- Deltaking i prosjektutvikling saman med kundar og interne fagmiljø
- Samarbeid med prosjektleiarar for å sikre gode og effektive leveransar
- Dokumentasjon og oppfølging i relevante system
Kvifor velje oss?
- Du får ein sentral rolle i eit selskap med sterk lokal posisjon og gode vekstambisjonar
- Du jobbar tett på fagmiljøet og blir ein viktig rådgjevar for kundane
- Kort veg frå idé til avgjerd – og moglegheit til å påverke
- Eit godt arbeidsmiljø med stolte fagfolk og høg kompetanse
- Varierte dagar med stor grad av sjølvstende
Vi ser etter deg som:
- Har byggteknisk bakgrunn (ingeniør eller fagskule)
- Har erfaring frå bygg, gjerne prefab
- Er trygg i dialog med kundar og flink til å bygge tillit
- Jobbar strukturert og tek eigarskap til eigen portefølje
- Er utadvendt, samarbeidsorientert og motiverast av resultat
- Likar å jobbe med produkt og finne løysingar
Arbeidsstad: Førde eller Loen
Sivilingeniør - Førde Sementvare AS
Vil du jobbe med prosjektering av bygg og følgje dei frå idé til ferdig bygg?
Førde Sementvare er ei solid industriverksemd med sterke røter i regionen og ambisjonar for vidare vekst. Vi leverer betongelement og byggjeløysingar til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør på Vestlandet. Hjå oss jobbar engasjerte fagfolk som er stolte av det dei skaper.
No søkjer vi ein engasjerte og fagleg flink sivilingeniør til elementavdelinga vår. Hos oss jobbar du tett på både prosjektering og produksjon – og får vere med å påverke løysingane gjennom heile prosjektløpet.
Arbeidsoppgåver:
- Byggteknisk prosjektering, statiske berekningar og dimensjonering av betong- og stålkonstruksjonar
- Utarbeiding av konstruksjonsteikningar, produksjons- og montasjeunderlag
- Tett samarbeid med produksjon for å sikre gode og effektive løysingar
- Deltaking i varierte prosjekt med fokus på kvalitet, berekraft og gjennomførbarheit
Kvifor velje oss:
- Du får sjå resultata av arbeidet ditt bli realisert i praksis
- Tett samarbeid mellom prosjektering og produksjon
- Kort veg frå idé til avgjerd – og moglegheit til å påverke
- Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse
- Eit praktisk og løysingsorientert arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Mastergrad innan bygg (sivilingeniør)
- Erfaring fra konstruksjonar, gjerne innan betong og prefab
- Erfaring med eller interesse for BIM- og prosjekteringsverktøy (t.d. Tekla/Autocad)
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
- Strukturert og nøyaktig, med fokus på kvalitet
- Initiativrik og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner
Arbeidsstad: Førde eller Loen
For begge stillingane:
Synest du dette høyrest spennande og interessant ut, ta kontakt med Jon Gjerde i Visere på tlf. 958 44 394 / jon.gjerde@visere.no. Om du ønskjer det, kan vi i første omgang halde namnet ditt konfidensielt overfor oppdragsgivar.
Ferdigheter
- Betongkonstruksjoner
- Byggeteknikk
- Industriell produksjon
- Ingeniørkunst innen bygningskonstruksjon
- Kjennskap til relevante standarder innen bygg med armert betong og stålkonstruksjon
- Prosjekt design innen byggingeniøranlegg
- Statikk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Førde Sementvare AS er ei lokal og solid industriverksemd med lange tradisjonar innan produksjon av betong- og sementvarer. Vi leverer kvalitetsprodukt til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør i regionen. Vi har omlag 75 ansatte.
Gjennom høg fagkompetanse, moderne produksjon og sterk lokal forankring bidreg vi til utvikling og verdiskaping i Sunnfjord og på Vestlandet.
Vi er eit konsern med ambisjonar for vidare vekst og utvikling, og legg stor vekt på kvalitet, berekraft og langsiktig forretningsdrift. Hjå oss jobbar engasjerte medarbeidarar som er stolte av faget sitt og av verksemda dei er ein del av.
- Sektor: Privat
- Sted: 6813 Førde
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sal, rådgjeving, kundekontakt, prosjektutvikling
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462837757
- Sist endret


