Driftsoperatør
ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Bli med og få ting til å fungere, kvar dag
På Engebø er vi i drift, og no ser vi etter ein praktisk og løysingsorientert driftsoperatør som likar å ta i eit tak der det trengst. Dette er ei variert rolle for deg som trivst med å jobbe både sjølvstendig og saman med andre, og som ikkje er redd for å skru litt, fikse litt og bidra der det oppstår behov.
Kva går jobben ut på?
Som driftsoperatør vil du få ei viktig rolle i den daglege drifta. Arbeidskvardagen er variert, og du vil mellom anna jobbe med:
Enkelt vedlikehald og oppfølging av maskiner og utstyr
Køyre hjullaster, gravemaskin, truck og kran
Praktiske oppgåver på anlegget, stort og smått
Bistå andre avdelingar ved behov
Du blir ein del av eit aktivt driftsmiljø der ting skjer.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
Har praktisk erfaring og likar å skru og fikse ting
Er sjølvstendig, men også ein lagspelar
Er løysingsorientert og tek initiativ
Har gode samarbeidsevner
Det er ein fordel om du også:
Har erfaring med maskiner eller køyretøy
Kan bidra med enkelt snekkerarbeid eller anna praktisk arbeid
Er fleksibel og kan jobbe enkelte kveldar og helgar ved behov
Kvalifikasjonar
Det er ikkje krav om fagbrev, men praktisk erfaring med vedlikehald er viktig
Du må kunne lese og skrive norsk
Det er ein fordel om du også beherskar engelsk
Arbeidstid
Stillinga er i utgangspunktet dagtid, men vi ser etter deg som har fleksibilitet til å bidra utanfor ordinær arbeidstid når det trengst.
Kvifor jobbe hos oss?
Hos oss blir du ein del av eit anlegg i drift, der du får bruke hendene, hovudet og erfaringa di, og sjå konkrete resultat av det du gjer.
Vi vurderer søknader og kallar inn til intervju fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke.
Ferdigheter
- Betjene gravemaskin
- Betjene kraner
- Erfaring med å kjøre semitrailer eller modulvogntog
- Hjullaster
- Maskinvedlikehold
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
- Sektor: Privat
- Sted: Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal
- Bransje: Industri og produksjon, Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester
Nøkkelord
driftsoperatør, praktisk, løysingsorientert, vedlikehold
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460796164
- Sist endret
