Nav leiar
Nav Vaksdal
- Frist 21.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Ledig vikariat ved Nav Vaksdal
Det er ledig vikariat som leiar ved Nav Vaksdal frå snarast og tom 30.06.2027. Vi søkjer ein engasjert og tydeleg leiar som vil ta utfordringa med å leie kontoret i denne perioden. Hos oss får du ei sentral rolle i eit viktig samfunnsoppdrag; å få fleire i arbeid og sikre gode tenester til innbyggjarane.
Kontoret har for tida 8 tilsette fordelt på statlege og kommunale stillingar, og du blir leiar for eit felles kontor med statleg tilsetjingstilhøve. Som leiar har du det faglege og administrative ansvaret, og den viktigaste oppgåva blir å sikre heilskaplege tenester og bidra til størst mogleg yrkesdeltaking.
Nav Vaksdal er ein del av Nav region Voss og Hardanger, og samarbeid på tvers av kommunar og internt i kommunen blir avgjerande for å lukkast. Stillinga rapporterer til regionleiar i Nav region Voss og Hardanger og kommunalsjef for oppvekst i Vaksdal kommune.
Kva går jobben ut på?
- fag-, personal-, budsjett- og resultatansvar
- sikre effektiv drift og utvikling av velferdstenestene
- leie endrings- og forbetringsprosessar, inkludert digitalisering
- aktiv kontakt med næringsliv, offentleg og frivillig sektor
- sikre samhandling og heilskap i tenestene
- systematisk HMS-arbeid og inkluderande arbeidsliv
- ansvar for medbestemmelse i kontoret i begge styringslinjene
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdannelse tilsvarende minimum bachelor. Relevant utdanning og/ eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring med leiing av team eller einingar
- forståelse av ledelse i staten og samfunnsoppdraget
- lederegenskaper i tråd med etatens verdier og lederkrav
- førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har
- erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming
- erfaring med partssamarbeid og tverrsektorielt samarbeid
- god digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye løysingar
Kva ser vi etter hos deg?
- utøver tillitsbasert leiing, og møter medarbeidarane med tillit, openheit og respekt
- er inkluderande og bidreg til eit trygt og godt arbeidsmiljø
- kommuniserer tydeleg og skapar engasjement og motivasjon
- samlar medarbeidarane om felles mål og prioriteringar
- ønskjer å utvikle kontoret og arbeide med forbetring og endring
- er open for nye løysingar og tek i bruk digitale verktøy i kvardagen
- samarbeider godt, både internt i Nav og med eksterne samarbeidspartnarar
- handterer leiarrolla på ein god måte i ei todelt styringsmodell (stat og kommune)
Kvifor velje oss?
- ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- bli en del av eit arbeidsfelleskap med eit meningsfullt samfunnsoppdrag
- store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i ein stor offentlig virksomhet
- bli del av eit innovativt miljø med stort fokus på kontinuerleg forbetring og utvikling
- ulike velferdsgode somfleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogleheit for trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- stillinga blir plassert i stillingskode 1054 kontorsjef. Lønsspennet er frå kr. 780 000 til 850 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Eirik Verpelstad, Avdelingsdirektør Nav region Voss og Hardanger, 911 52 458, Eirik.Verpelstad@nav.noArbeidssted
Konsul jebseng. 165722 Dalekvam
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5123766762
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 21.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462788491
- Sist endret

