Engasjement på helse- og oppvekstfag
OPK-SD - Sogndal vgs, Vestland fylkeskommune
- Frist 22.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Meir informasjon om skulen får du på heimesida www.sogndal.vgs.no
Vi har behov for inntil 10 prosent vikar i undervisningsstilling innan helse- og oppvekstfag frå august 2026 og ut skuleåret 2026/27.
Arbeidsoppgåver
Du vil undervise og ha elevoppfølging i aktuelle programfag på helse- og oppvekst. Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillinga.
Det er forventa at du kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning både sjølvstendig og saman med andre. Du må reflektere kring rolla di, både sjølvstendig og saman med andre, og vere motivert for å bidra til eiga og andre si endring og utvikling.
Vi legg vekt på utvikling av pedagogisk praksis og utvikling av profesjonsfellesskapet.
Kvalifikasjonar
Du som vert tilsett må ha undervisningskompetanse i felles programfag på vg1 helse- og oppvekstfag og/eller vg2 barne- og undomsarbeiderfaget. Relevant erfaring er også ønskjeleg. Du må også ha relevant digital kompetanse.Personlege eigenskapar
Vi ønskjer deg som utøver god klasseleiing, som trivast med å arbeide og byggje relasjonar til ungdom og er ein god rollemodell. Du må opptatt av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og framstå som positiv, raus, fleksibel og omgjengeleg.
Vi er opptatt av utvikling av profesjonsfellesskapen og ønskjer at du har utviklings- og endringskompetanse og er god på samarbeid.
Vi tilbyr
Lønn etter avtale og offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.Andre opplysningar:
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Stillinga vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igongsett, samt at eventuelle overtallige i Vestland fylkeskommune kan ha førerett til stillinga. Dette vert avklara før tilsetting.
Kontaktinformasjon
Lars Olav Halleraker, avdelingsleiar, 57654707Jorunn Felde, rektor , 95191964
Arbeidsstad
Lunnamyri 26856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5125898788
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 22.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462755248
- Sist endret

