Lærar IOP Fag/fellesfag (50% fast og 50% vikariat)
Stend vgs,
- Frist 22.5.2026
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.
Vi har ledig ein 100% stilling som læarar, beståande av 50% fast stilling og årsvikariat i 50% stilling.
Arbeidsoppgåver
Undervisning i IOP fag med vekt på naturfag, matematikk, norsk og engelsk.
Denne stillinga vil i all hovudsak ha arbeidsoppgåvene sine knytt til elevar på arbeidstrening.
Kvalifikasjonar
Relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning.
Det er ønskjeleg med undervisningserfaring frå tilsvarande elevgruppe.
Erfaring frå praktiske yrke og personlege eigenskapar vert tillagt vekt.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter ein utåtvend og samarbeidsvillige person som kan jobbe i team, og utføre sjølvstendig arbeid i tråd med pedagogiske planar.Vi ønskjer ein person som har kompetanse og erfaring frå arbeid med ungdom, og som er god til å byggje relasjonar til elevane.
Å vere personleg eigna er viktig i den utlyste stillinga, og vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Lars Ivar Søvik, avdelingsleiar, 95898287Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5125299438
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 22.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462748892
- Sist endret
