Barnevernkonsulent 100% vikariat
Stryn Kommune
- Frist 21.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Då ein av våre medarbeidarar skal ut i permisjon, har barneverntenesta i Stryn ledig 100% vikarstilling. Vikariatet er for perioden 01.06.26 - 30.09.27.
Barnevernet er organisert i helse- og sosialetaten. Barnevernleiar har kommunalsjef som næraste leiar og det er knytt 7 årsverk til tenesta.
Barneverntenesta jobbar etter generalist modellen, som betyr at ein følgjer saka frå bekymringsmelding til oppfølging av tiltak. Barneverntenesta i Stryn har eige tiltaksteam som jobbar med systematisk foreldrerettleiing.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter Lov om barnevern som blant anna inneber:
- Mottak, vurdering og behandling av bekymringsmeldingar
- Undersøking
- Barnevernfaglege vurderingar og analyser
- Valg og oppfølging av tiltak
- Gjennomføre tverretatlege samarbeidsmøter
- Fosterheims- og institusjons arbeid
- Samtalar med barn, foreldre og samarbeidspartnarar
- Generelt førebyggjande arbeid som å delta i ulike tverrfaglege forum.
- Ein må rekne med noko ettermiddag/kveldsarbeid.
- På sikt inngå i barnevernvakt ordninga
Kvalifikasjonar
- Sosialfagleg høgskuleutdanning, primært barnevernpedagog
- Erfaring frå barnevernsfeltet er ønskjeleg
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
- God skrifteleg framstillingsevne
- Førarkort og disponere bil
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe i eit hektisk arbeidsmiljø.
- Er fleksibel
- Evne til å byggje relasjonar til målgruppa ved å møte barn, unge og foreldra med varme og respekt.
- Vere løysingsorientert
- Evne til å strukturere og gjennomføre eigne arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå barn og unge i deira heilskaplege situasjon
Vi tilbyr
- Kontorplass i kommunesenteret
- Kompetente kollegaer i godt arbeidsmiljø
- Ekstern og intern rettleiing
- Løn etter tariff
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Rita Stølen Veamyhr, Barnevernleiar, 41248829Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5125028649
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462647130
- Sist endret



