Fagutviklingssjukepleiar
Kreftavdelinga, Helse Førde
- Frist 24.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Ved Kreftavdelinga har vi ledig 50% vikariat som fagutviklingssjukepleiar. Vikariatet har ei varigheit på eit år, og tiltreding kan skje snarast eller etter avtale.
Stillinga inngår i personalgruppa som blir leia av avdelingssjef, og er tiltenkt ei sjølvstendig rolle innanfor dei definerte funksjonsområda i stillinga. Arbeidet skjer i tett samarbeid med seksjonsleiarar ved sengepost og poliklinikk.
Kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus består av sengepost, poliklinikk, studiekontor og palliativt team.
Arbeidsoppgåver
- Fagutviklingssjukepleiar skal vere fagleg rådgjevar og bidra til å sikre ein forsvarleg kvalitet på tenestene i Kreftavdelinga
- Hovudansvar for planlegging, koordinering og gjennomføring av fagutviklingstiltak
- I samarbeid med seksjonsleiarar bidra til oppfølging av studentar, hospitantar og nytilsette
- Ha delegert mynde til å utarbeide, systematisere og gjere retningslinjer og prosedyrer tilgjengeleg
- Koordinere undervisning og fagmøter
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
Personlege eigenskapar
- Omgjengeleg person som kommuniserer godt
- Engasjert og motivert for oppgåva
- Løysingsorientert og evne til gjennomføring
- Sjølvstendig, men også fungere godt i team
- Ha fokus på pasientsikkerheit og kvalitetsarbeid
Vi tilbyr
- Fagleg høg kvalitet
- Variasjon i arbeidsoppgaver
- Arbeid på dagtid
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Knut Erik Folland, Avdelingssjef, +47 918 82 662Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5123554930
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.05.2027
Søknadsfrist: 24.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462645602
- Sist endret
