Sommarvikar barnehage og SFO
Gulen kommune
- Frist 20.5.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Barnehagen og SFO treng sommarvikarar
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Anna
Eining Byrknes barnehage og skule, avdeling barnehage og SFO treng sommarvikarar. I hovudsak vil det vere snakk om arbeid frå 27.06.26 - 03.07.26 og 27.07.26 - 31.07.26. Andre periodar kan verte aktuelt. Skriv gjerne i søknaden din om du kan tenkje deg jobb i barnehagen eller SFO, eller begge deler. Du kan også ta ein telefon til kontaktpersonane i annonsen om du har spørsmål til utlysinga.
Arbeidsoppgåver
- Medverke til at eininga er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
- vere til stades for barna
- vere engasjert i barna
- passe på så ingen fell utanfor
- sette deg godt inn i alle rutinar
- andre praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med relevant utdanning og erfaring, men andre kan også søkje
- Gyldig politiattest på den som vert tilsett
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til barna
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for born og vaksne
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfodensiell handsamling, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
- Løn etter tariff
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462631280
- Sist endret

