Pedagogisk leiar i Lysekloster barnehage
Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage
- Frist 17.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Vi har ledig fast 100% stilling som pedagogisk leiar i Lysekloster barnehage frå 01.08.26.
Vi søker deg som ønsker å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga til Lysekloster barnehage. Barnehagen treng pedagogisk leiar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å ha rom for alle og blikk for den enkelte. Barnehagen treng at du er strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Vi har fokus på at kvart barn skal bli sett og høyrt. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i kvardagen. Mottoet vårt er: «Det er stort å vera liten».
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.
Arbeidsstad
Lysekloster barnehage ligg vakkert til på Edne, like ved Lysekloster idrettsplass og skule. Rundt barnehagen er det skogsområde, med fleire moglegheiter for tur. Vi nyttar området til å koma oss til skogs, til fjells og til sjøen. Vi har 5 avdelingar og per no 79 barn i alderen 0 6 år.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- Jobbe etter kommunen sine satsingsområder, planer og ulike verktøy.
- Skape eit nært samarbeid mellom heim og barnehage basert på respekt.
- Samarbeide med fagleg instans ved rørande barn med særlege behov.
- I samarbeid med styrar og pedagogisk leiar planlegge og gjennomføre ulike møter.
- Å bidra og følgje opp endring- og utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent frå HK-dir.
- Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er raus, omsorgsfull og har eit varmt hjarte for barn.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Tar ansvar og initiativ, og har gjennomføringskraft.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Norsk
- Nynorsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Edne 19, 5215 Lysekloster
- Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Annet, Førskolelærer, Pedagogisk leder
Nøkkelord
Pedagogikk, Leder, Leiar, Barnehage, Førskolelærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462369662
- Sist endret
