Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Gloppen
Fristen er utløpt

Kafemedarbeidar

Bakar Jon AS

  • Søknadsfrist Snarest
  • Ansettelsesform Fast

Kafemedarbeidar – 100 % stilling

Bakar Jon er ein velkjend og viktig del av lokalsamfunnet, og ein naturleg møteplass for mange.

Her møtast folk til gode samtalar, fersk bakst og gode matopplevingar.

Er du glad i mat, trivst med høgt tempo og likar å skape gode opplevingar for kundar?

Då kan dette vere jobben for deg!

Hos Bakar Jon jobbar vi med ekte matglede, gode smakar og stoltheit for lokale råvarer.

Vi har eit sterkt fokus på berekraft, kvalitet og å utnytte det beste frå nærområdet vårt.

Arbeidsoppgåver

  • Tilbereding av mat og enkle rettar med fokus på kvalitet

  • Servering og god kundebehandling

  • Bidra til ein ryddig og triveleg kafé

  • Delta i menyplanlegging med fokus på sesong og lokale råvarer

  • Samarbeid med kollegaer for god drift

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå kjøkken, kafé eller matlaging er ein fordel

  • Interesse for mat, gjerne med fokus på lokale råvarer og berekraft

  • God forståing for hygiene og mattryggleik (IK-mat)

  • Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg

Kven ser vi etter?

Fordi arbeidskvardagen til tider er hektisk med mange kundar, trur vi du vil lukkast best i rolla dersom du er strukturert, held oversikt og klarer å prioritere oppgåver når det er mykje å gjere.

Samtidig er det viktig for oss at du er positiv, blid og imøtekommande – du trivst med å møte kundar og bidrar til gode opplevingar, sjølv når tempoet er høgt.

Du jobbar godt både sjølvstendig og i lag med andre, og tek ansvar for at både arbeidsoppgåver og arbeidsmiljø fungerer godt i kvardagen.

Kvifor jobbe hos oss?

  • Vi har fokus på berekraft og ansvarleg drift

  • Ein variert og aktiv arbeidsdag

  • Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer

  • Moglegheit for å påverke meny og utvikling

Slik søker du

Send ein kort søknad og CV til hilde@bakarjon.no Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med daglig leder Hilde Fjellestad, mob: 958 80 995

Intervjuer skjer løpende!

Søk snarest.

Ferdigheter

  • Anvende mattilberedningsteknikker
  • Hazard Analysis and Critical Control Points (HACCP)
  • Norsk
  • Servering - generelt

Om arbeidsgiveren

Bakar Jon er ein velkjend og viktig del av lokalsamfunnet, og ein naturleg møteplass for mange.

Her møtast folk til gode samtalar, fersk bakst og gode matopplevingar.

Hos Bakar Jon jobbar vi med ekte matglede, gode smakar og stoltheit for lokale råvarer.

Vi har eit sterkt fokus på berekraft, kvalitet og å utnytte det beste frå nærområdet vårt.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Breimsvegen 1809, 6826 Byrkjelo
  • Bransje: Butikk og varehandel, Restaurant, mat og uteliv
  • Stillingsfunksjon: Baker, Barista, Service/servering
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

kafemedarbeidar, servering, kundebehandling, matlaging

Bakar Jon AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Hilde Fjellstad
  • Stillingstittel: daglig leder
  • Mobil: 95 88 09 95
Send meldingSend SMS

1 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Breimsvegen 1809, 6826 Byrkjelo

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 462431807
  • Sist endret 5.5.2026, 07:51
Rapporter annonse