Miljørettleiar/vernepleiar
Klepp kommune, Engelsvoll skule
- Frist 19.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Engelsvoll skule har ledig ei miljørettleiarstilling frå 01.08.26. Stillinga er oppretta for å ivareta elevar med særskilte behov i skule og SFO.
Vi søker deg som er ein engasjert, tydeleg og omsorgsfull miljørettleiar. Du har solid relasjonskompetanse, er inkluderandre og robust i møte med elevane, og trivst med arbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap.
Kjernekomponentane våre mot 2028 er "den engasjerte eleven", utvikling av "det profesjonelle læringsfelleskapet" og "digitalisering". Vi tar del i Kleppskulen sitt satsingsområde Oracy, utviklar vårt eige skaparverkstad (maker space), tilbyr elevane våre ein hjernevennleg skulekvardag og brukar Lesson study som metode.
Engelsvoll skule er sentralt plassert nær tostasjonen Klepp stasjon. Det er ca. 10 minutt å gå frå togstasjonen opp til skulen. Skulen vår ligg nær Frøyandsvatnet med flotte natur- og aktivtetsområder, som skulen nyttar i ein aktiv og variert skulekvardag.
Dette skuleåret har vi 155 elevar og 23 tilsette; lærarar, barne- og ungdomsarbeidarar, miljørettleiare og skuleleiing (rektor og to avdelingsleiarar). I tillegg har vi skulekonsulent, byggdriftar og helsesjukepleiar. Det er høg trivsel, solid og variert kompetanse blant dei tilsette, og vi håper at du vil vera med å vidareutvikla dette til det beste for elevar og kollegaer.
Arbeidsoppgåver
- Vi søker etter deg som vil bidra til eit trygt, godt og inkluderande miljø for elevar og kollegaer. Det er difor viktig at ditt pedagogiske kompass er forankra i ein inkluderande pedagogikk der læring og utvikling skjer i aktivitet og saman med andre.
- Kjerneoppgåva er knytt til å ivareta elevar med særskilt behov. Du bidrar til planlegging, gjennomføring og evaluering av faglege og sosiale økter i undervisning og SFO. Du blir og ein del av skulen sitt miljøteam, der du samarbeider med kollegaer om å tilby varierte, forebyggande aktivitetar for elevane ved skulen og SFO. For å kunne tilby elevane ei praktisk, variert og inkluderande kvardag på skule- og SFO, arbeider du i team med skuleleiing, lærarar og fagarbeidarar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent 3-årig universitet-/høgskuleutdanning. Fortrinnsvis vernepleie.
- Det er ønskeleg med kompetanse/erfaring med barn med gjennomgripande utviklingsforstyrringar.
- Det er ønskeleg med erfaring i bruk av metoder som nyttast i møte med barn med autisme. Til dømes ASK (alternativ supplerende kommunikasjon).
- Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg.
- God norskkunnskap tilsvarende B1 eller høgare.
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter deg som er engasjert, fremoverlent og som ønsker å vere med å bygge ein kultur der ein samarbeider på tvers av kompetanse og roller. Du er lidenskapeleg opptatt av læring, elsker å jobbe med barn og unge, og ser verdien av å bidra til eit inkluderande og trygt læringsmiljø.
- Du er ein autoritativ vaksen med solid leike - og relasjonskompetanse. Du er tålmodig og har eit blikk for å møte eelven der hen er. Kapasiteten er høg og du søker utvikling på egne vegne og for organisasjonen.
Vi tilbyr
- På Engelsvoll skule har vi det jillt. Vi tilbyr ein spennande og allsidig jobb der du kan vere med på å gjere ein forskjell for elevane våre gjennom å vidareutvikla eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
- Du vil sjøvsagt få støtte og opplæring for å kunne gjere ein god jobb.
- Gode velferds- og forsikringsordningar.
- Lønn etter avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Lise Følgesvold Pedersen, Rektor, +47 45036415Arbeidsstad
Engelsvollvegen 914353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5123741928
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462384576
- Sist endret


