Brannkonstabel Stryn brannstasjon - deltid
Stryn Kommune
- Frist 26.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Leitar du etter ein meiningsfull, lærerik og samfunnsnyttig deltidsjobb, og ønskjer du å vere med og trygge lokalsamfunnet ditt? Då kan du vere den vi søkjer etter.
Å vere tilsett som brannkonstabel deltid, inneber å delta på øvingar etter oppsett plan og møte på hendingar ved alarm. Du vil med dette vere ein del av Stryn kommune sin beredskap.
Stillinga inngår i brannvesenet i Stryn kommune, knytt til stasjonen i Stryn sentrum.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er alt som brannvesenet blir nytta til;
Slokking av alle typar brannar, røykdykking, trafikkulykker, helserelaterte oppdrag, overflateredning i elv, sjø og vatn, redningsoppdrag og fleire oppgåver som blir lagt til brannvesenet ifølgje risiko- og sårbarhetsanalyser i kommunen.
Kvalifikasjonar
- Bustad Stryn, ha kort frammøtetid til stasjonen både frå bustad og frå arbeidsplass
- Ha anledning til å bære radio på fritida si, og kunne rykke ut døgnet rundt
- Søkjar må tilfredsstille fysiske, psykiske og medisinske krav til røykdykking, og ta del i dei kurs som vert krevd
- Tidlegare erfaring og jobbpraksis vil bli vektlagt ved tilsetjing
- Førerkort klasse B
- Ønskjeleg med klasse C
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og ansvarsbevisst
- Gode samarbeidsevner
- Løysingsorientert
Vi tilbyr
- Kommunale tilsetttingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Opplæring og kurs
- Godt miljø med engasjerte, dedikerte og flinke kollegaer som gjer sitt ytterste for å utføre dei oppgåvene dei møter på best mogeleg måte
- Det vert utbetalt kompensasjon gjennom året for å bære radio. I tillegg vert det betalt for deltaking på øvingar, utrykningar og evt. vaktordning
Kontaktinformasjon
John Jatgeir Vinsrygg, Brannsjef, 91721629, jonj.vinsrygg@stryn.kommune.noArbeidsstad
Perhusvegen 336783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5120505994
Stillingsprosent: 0%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462354424
- Sist endret


