Helgestilling i Heimetenesta
Osterøy kommune
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledige helgestillingar frå juli 2026. Stillingane er fast med arbeid kvar. 3 helg og passar difor godt for deg som for eksempel går på skule. I Heimetenesta yter ein tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på helsehjelp kan vera mattillaging, legemiddelutdeling og liknande.
Arbeidsoppgåver
- Omsorg til menneske i deira eigen heim
- Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
- Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.
- Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand
- Samarbeid med pårørande
- Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta
Kvalifikasjonskrav
- Det er ønskeleg at du er hjelpepleiar eller helsefagarbeidar. Me oppmodar og studentar innan helse og omsorg å søke. Dersom me ikkje får nok kvalifiserte søkarar, vil me vurdera tilsetting utan fagutdanning innan helse og omsorg. Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen.
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider.
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.
- Krav om førarkort klasse B
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Kommunen har 6 månader prøvetid ved tilsetjing.
Anna informasjon
Intervju for stillingane vil bli gjennomførte torsdag 21. mai. Vi set pris på om du har høve til å møte då.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461873781
- Sist endret
