Fagarbeidarstillingar i turnus
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
- Frist 15.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagarbeidarstillingar i turnus
Tilrettelagde tenester, for tida ved avdeling Søfteland bufellesskap, har ledige stillingar:
- 100 % fast stilling er ledig etter avtale
- 100 % vikariat er ledig frå 18.05.2026 til og med 31.08.2026 med moglegheit for lenging.
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester gjev tenester til born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne, omfattar ni bufellesskap, ambulerande miljøtenester og to dagsenter. Søfteland bufellesskap det nye bufellesskapet, (frå 2024) og ligg i eit etablert bustadområde på Søfteland, ca. 10 minutt frå Os sentrum. Her bur seks unge tenestemottakarar med varierande og samansette funksjonsnedsettingar. Vi ønskjer nye kollegaer som vil vere med å forma og vidareutvikla ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass.
Arbeidsoppgåver
- Yta eit heilskapleg, fagleg og personsentrert omsorgstilbod med fokus på livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging
- Sikra bistand i daglege gjeremål og sosiale aktivitetar, inkludert følgje til dagsenter.
- Administrering av medisinar
- Bidra til ei trygg og føreseieleg ramme for kvar tenestemottakar gjennom støtte, omsorg og struktur
- Samarbeid med pårørande, legar, fastlege, spesialisthelsetenesta m.m., samt delta i samarbeidsmøter
- Observasjon og dokumentasjon i EPJ
- Utføre målretta miljøarbeid og oppfølging av tiltak
- Ha primær- eller sekundærkontaktansvar
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar m/autorisajon, men andre med kjennskap til brukargruppa eller er under helsefagleg utdanning, vil og bli vurderte.
- Erfaring frå målretta miljøarbeid med brukargruppa og erfaring med åtferdsarbeid, vil bli vektlagt. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
- Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde
- Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Legemiddelhåndtering
- Vernepleie
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
helsefagarbeidar, barne-/ungdomsarbeidar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461621908
- Sist endret

