Nestleiar
Stryn Kommune
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Nestleiar - Helse og sosialetaten Stryn kommune
Er du ein trygg fagperson med god oversikt over helsefagleg jus, nasjonale føringar og kommunal drift? Ønskjer du ei sentral rolle med stort ansvar og høve til å påverke utviklinga av helse- og sosialtenestene?
Vi har ledig ei spennande stilling som nestleiar i helse- og sosialetaten, der du vil vere ein sentral samarbeidspartnar for etatsleiar og ein viktig bidragsytar i både strategisk og operativ leiing av etaten.
Helse- og sosialetaten omfattar om lag 480 tilsette fordelt på 261 årsverk. Etaten har ansvar for eit breitt spekter av tenester, mellom anna pleie- og omsorgstenester, tenester for personar med funksjonsnedsetting, psykisk helse og rus, legetenester, helsestasjon og skulehelseteneste, fysio- og ergoterapi, flyktningteneste og barnevern.
Kommunen står framfor store omstillingar dei komande åra som følgje av demografiske endringar, auka behov for helse- og omsorgstenester og strengare krav til berekraftig drift. Etaten arbeider aktivt med TØRN og andre utviklingsprosjekt for å sikre framtidsretta løysingar, rett dimensjonering av tenestene og planlegging av framtidige omsorgsbygg.
Som nestleiar vil du ha ei nøkkelrolle i dette arbeidet og bidra til at kommunen er godt rusta til å møte framtidige krav og forventningar.
Om stillinga
Nestleiar er organisert i stab i helse- og sosialetaten, med kommunalsjef som næraste leiar. Stillinga er ein del av etaten si øvste leiing og inneber rolla som stedfortredar for kommunalsjef.
Som nestleiar har du eit overordna ansvar for fagleg kvalitet i drift, tildeling av helse- og omsorgstenester og oppfølging av nasjonale føringar og lovverk. Du vil ha ei sentral rolle i etaten sitt kvalitets- og forbetringsarbeid, samt ansvar for saksbehandling og handtering av tilsyns- og klagesaker.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene er varierte og komplekse, og omfattar mellom anna:
Leiing og fagleg ansvar:
Vere stedfortredar for kommunalsjef og del av etaten si øvste leiing
Fagleg rådgjevar for leiarar i helse- og sosialetaten
Følgje opp og sikre etterleving av gjeldande lover, forskrifter, retningsliner og nasjonale føringar
Ansvar for oppfølging av etaten sin kompetanseplan
Tildeling, kvalitet og forvaltning
Overordna ansvar for tildeling av alle helse- og omsorgstenester
Leiar av tildelingsnemnda i helse og sosial
Overordna ansvar for saksbehandling, klagehandsaming og oppfølging av tilsynssaker
Personalansvar for sakshandsamarane på tildeling
Administrasjon og rapportering:
Overordna ansvar for rapportering til nasjonale register (m.a. IPLOS og KOSTRA)
Ansvar for søknad og rapportering knytt til statlege tilskotsordningar og ressurskrevjande brukarar
Forvaltning av ordningar knytt til utdanning, stipend og permisjon
Autorisert høgskuleutdanna helsepersonell, fortrinnsvis sjukepleiar
Relevant erfaring frå helse- og sosialsektoren, gjerne frå kommunal verksemd
God forståing for helsefagleg jus, kommunalt regelverk og forvaltningsprosessar
Leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ein fordel
Vidareutdanning eller erfaring innan helsejus er ein fordel
Vi ser etter deg som:
Er trygg, strukturert og fagleg sterk, med god vurderingsevne
Har tydeleg rolleforståing og tek ansvar i ei kompleks leiarrolle
Arbeider sjølvstendig, samstundes som du samhandlar godt med leiarar, medarbeidarar og eksterne aktørar
Handterer krevjande saker på ein profesjonell og trygg måte, og står støtt i møte med tilsyn og klager
Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Ei stilling med stor grad av tillit, ansvar og handlingsrom
Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver i ei sentral leiarstilling
Høve til å vere med og forme og vidareutvikle kommunale helse- og sosialtenester
Eit godt fagmiljø og tett samarbeid med etaten si øvste leiing
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
NB! Nedskriving av studielån etter Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr. 25.000,- for buande i Stryn kommune
Ferdigheter
- Data Reporting
- Forvaltningsarbeid - Kommunalt
- Kjennskap til forvaltningslova
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tonningsgata 4, 6783 Stryn
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Ledelse, Omsorg og sosialt arbeid
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
nestleiar, helse, sosialetaten, leiing
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460874367
- Sist endret
