Nyoppretta 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar i Heimetenesta
Osterøy kommune
- Frist 25.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Heimetenesta i Osterøy Kommune lyser ut fire nyoppretta 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar frå 01.09.26
Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Helsefagarbeidarar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette
inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og brukarar.
Dei ledige stillingane har 14-timars langvakter med arbeid kvar 4. helg. På langvakter har ein pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak
- Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning
- Legemiddelhandtering
- Primærkontaktansvar
- Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
- Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Veiledning av elevar og lærlingar i avdelinga
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- God opplæring
- Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
- Moglegheit til å delta i ulike utviklingsteam, til dømes E-helse Team
- Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter tariff
- Gode pensjonsvillkår
- Ei av Noregs vakraste øyer som arbeidsstad
Kvalifikasjonskrav
- Krav om autorisasjon som helsefagarbeidar
- Krav om å beherske vanleg IKT verktøy
- Førarkort klasse B
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd
Kven er du?
- Du er autorisert helsefagarbeidar og har interesse for arbeid i heimetenesta. Du møter brukarar med respekt, tryggleik og varme, og set brukaren sine behov i sentrum.
- Du arbeider sjølvstendig, men trivst også med samarbeid i team. Du er fagleg engasjert, løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Anna informasjon
Stillinga har prøvetid på 6 månader i samsvar med kommunen sitt tilsetjingsreglement.
Intervju for stillingane vil bli gjennomførte tirsdag 2. juni. Vi set pris på om du har høve til å møte då.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461872783
- Sist endret
