Tannlege
Sogndal klinikkområde, Vestland fylkeskommune
- Frist 1.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du jobbe som tannlege i moderne omgjevnader, saman med dyktige og engasjerte kollegaer – og samtidig ha fjord, fjell og friluftsliv rett utanfor døra?
Sogndal tannklinikk har ledig vikariat som tannlege, med oppstart etter avtale.
👉 I sommar flyttar vi inn i heilt nye lokale – og dette er verkeleg noko å glede seg til! På den nye klinikken er det 10 behandlingsrom, heilt nytt utstyr og eit lunsjrom med nydeleg utsikt.
Sogndal ligg vakkert til ved Sognefjorden og er eit naturleg regionsenter i Indre Sogn. Her får du:
- korte avstandar i kvardagen
- eit levande lokalsamfunn med kultur- og idrettstilbod
- raske turar til fjell, fjord og bre
- gode pendlarmoglegheiter i regionen
Ein perfekt stad for deg som ønskjer å kombinere fagleg arbeid med høg livskvalitet.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Arbeidsoppgåver
- Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
- Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste. - Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege
- Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
- Godkjend politiattest
Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale
- Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Dorte Grønsberg, klinikkleiar (tannlege), +47 95204759Arbeidsstad
Lunnamyri 26856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5120667442
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461621088
- Sist endret

