Vinstra vidaregåande skule - Undervisningsstilling i folkemusikk
Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule
- Frist 19.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Vinstra vidaregåande skule - Undervisningsstilling i folkemusikk
Beskrivelse
Vinstra vidaregåande skule har ledig inntil 60% fast stilling i folkemusikkfag på utdanningsprogram for musikk, dans og drama landslinje folkemusikk.
Vi søkjer deg som
- har utdanning innan folkemusikk og kompetanse i samsvar med kompetansemåla i faga, samt relevant pedagogisk utdanning
Vi tilbyr
- motiverte elevar, kollegaer og leiarar
- gode fasilitetar med kultursal, lydstudio, bandrom m.m
- eit arbeidsmiljø prega av glede, kreativitet, rausheit, ansvar, fleksibilitet og tillit
- teknisk sterk avdeling med fokus på lydopptak, video og strøyming
- lønn etter gjeldande avtaleverk
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
- Inntil 60% fast stilling i folkemusikkfag frå 01.08.2026
Arbeidsoppgåver
- Undervise i faget «musikk i perspektiv» folkemusikk VG2 og VG3
- Undervise i folkemusikkensemble / spelemannslaget Spira
- Undervise i biinstrument kveding (avhengig av kompetanse)
- Undervise i biinstrument: ulike folkemusikkinstrument
- felelærar (hovudinstrument)
- andre fag kan vere aktuelle
Ønskte kvalifikasjoner
Vi søker deg som har utdanning innan folkemusikk og kompetanse i samsvar med kompetansemåla i faga, samt relevant pedagogisk utdanning
Ønskte eigenskapar
- kjenner breidda i folkemusikkfeltet klingande, historisk, geografisk og teoretisk og ser samanhengar mellom fag
- liker å arbeide med ungdom, ser kvar elev, er god til å motivere og tilpasse undervisninga
- arbeider godt, både sjølvstendig og i fagteam og bidreg i det faglege fellesskapet
- har gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
- evnar å setje seg inn i læreplanar og lovverk og ser moglegheiter framfor avgrensingar
- har god orientering om musikkfagleg kompetansebehov i samfunnet
- er ein aktiv folkemusikkutøvar
- har digital kompetanse og ser nytta av dette
Søknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
FerdigheterAI-generert
- Musikkteori
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vinstra videregående skule har seks utdanningsprogram: Studiespesialisering, musikk og dans, helse- og oppvekstfag, elektrofag, byggfag, og teknikk og industriell produksjon. Skulen har litt over 370 elevar og om lag 80 lærarar.
Skulen skal vera ein døropnar for ungdomar til vidare utdanning og arbeidsliv. Vi arbeider for at elevane skal bli gode samfunnsborgarar og for å gjere dei klare for framtida.
Vi legg vekt på høg kvalitet, både sosialt og fagleg, for å fremje trivsel og læring. Vi ønskjer å gi våre elevar kompetanse på vegen til å nå sine mål og draumar - gode forbilde formar framtida!
Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.
Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gamle Skåbuv. 10, 2640 Vinstra
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
Nøkkelord
Undervisning, Folkemusikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461618563
- Sist endret

