Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - IT-servicemedarbeider
Innlandet fylkeskommune - Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule
- Frist 19.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - IT-servicemedarbeider
Beskrivelse
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig 50% fast stilling som IT-servicemedarbeider frå 1. august 2026.
Vi søkjer deg som
- er serviceinnstilt, fleksibel og glad i folk
- har gode samarbeidsevne
- tåler eit høgt arbeidstempo til ulike tider
- tek ansvar og er strukturert, er nøyaktig og initiativrik
- er samarbeids- og løysingsorientert
- vil vera med å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
- har brei erfaring og solid IKT-kompetanse, spesielt knytt til verkty og plattformar som Microsoft 365, Citrix-løysingar, Cisco mm.
Vi tilbyr
- interessante arbeidsoppgåver i nær og tett kontakt med elevar, tilsette og IT-kollegaer i fylkeskommuna
- ein spennande arbeidsplass der ingen dagar er like
- godt arbeidsmiljø
- løn etter avtale
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
- 50% fast stilling ledig frå 01.08.2026
- arbeidsstad Otta
- den som blir tilsett i stillinga vil bli innplassert i stillingskode avhengig av krav til stillinga, utdanning og erfaring jf. lov- og avtaleverk
Arbeidsoppgåver
- support for personale og elevar, og andre besøkjande på IT-løysingane og programvara til skulen, og dessutan bidra til brukaropplæring
- delaktig i arbeidet med oversikt over utstyrsparken til skulen innan IT, inkludert elev PC-ar
- vera pådrivar for kontinuitet, fagleg utvikling, datatryggleik og personvern ved skulen
- delaktig i innkjøp av nytt IT-utstyr ved behov
Kvalifikasjonskrav
- fagbrev med fagskuleutdanning i IT-fag
Ønskte kvalifikasjonskrav
- fagbrev med fagskuleutdanning knytt til fagområdet
- personlege eigenskapar bli vektlagt
- gode samarbeidsevner
- god kunnskap om datatryggleik og personvern
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Søknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
FerdigheterAI-generert
- Cisco 7600
- Datamaskinutstyr
- Hardware- / Software-Support
- IKT-støtte
- Informasjonssikkerhet
- Microsoft 365
- Norsk
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Skulen tilbyr seks ulike utdanningsprogram og har om lag 350 elevar og 70 tilsette.
Skulen vart nyrenovert i 2010, og dei moderne lokala legg til rette for gode læringsmiljø og eit godt læringsarbeid.
Målet er å gje innbyggjarane i regionen eit godt og desentralisert opplæringstilbod gjennom felles løysingar og tett samarbeid med næringslivet.
Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.
Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skansen 9, 2670 Otta
- Bransje: IT
- Stillingsfunksjon: IT-support
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461646066
- Sist endret
