Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Undervisningsstilling i norsk
Innlandet fylkeskommune Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule
- Frist 19.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Undervisningsstilling i norsk
Beskrivelse
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig 50% fast undervisningsstilling i norsk, frå 1. august 2026.
Vi søkjer deg som
- har undervisningskompetanse i norsk
- gjerne har undervisningskompetanse i andre fag som skulen treng
- har eleven i fokus
- kan bruke digitale ressurser i undervisning og anna arbeid
- er initiativrik
- er samarbeidsorientert
- er løysingsorientert
- vil vera med å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
Vi tilbyr
- ein givande og utfordrande jobb
- ett breidt og spennande fagmiljø
- eit inkluderende og raust skulemiljø
- løn etter gjeldande avtaleverk
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
- 50% fast stilling ledig frå 01.08.2026
- arbeidsstad Otta
- den som blir tilsett i stillinga vil bli innplassert i stillingskode avhengig av krav til stillinga, utdanning og erfaring jf. lov- og avtaleverk
Arbeidsoppgåver
- undervisning
- kontaktlærerfunksjon kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonskrav
- 60 stp i norsk
- formell pedagogisk utdanning
Ønskte kvalifikasjoner
- undervisningskompetanse i norsk
- relevant undervisningserfaring
- forståing for, og bruk av informasjonsteknologi som arbeidsverktøy
- gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
- det er ønskjeleg med breidde i fagkompetanse
- gode samarbeidsevner
Søknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
FerdigheterAI-generert
- Bruk av data som arbeidsverktøy
- Praktisk-pedagogisk utdanning
- Undervise i norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Skulen tilbyr seks ulike utdanningsprogram og har om lag 350 elevar og 70 tilsette.
Skulen vart nyrenovert i 2010, og dei moderne lokala legg til rette for gode læringsmiljø og eit godt læringsarbeid.
Målet er å gje innbyggjarane i regionen eit godt og desentralisert opplæringstilbod gjennom felles løysingar og tett samarbeid med næringslivet.
Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.
Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skansen 9, 2670 Otta
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461647242
- Sist endret