Organist/kyrkjemusikar, 50% stilling, årsvikariat
Stryn Kyrkjelege Fellesråd
- Frist 20.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Den utlyste stillinga gjeld i hovudsak teneste i Olden, Innvik og Utvik kyrkjer, og ansvar for kyrkjemusikken i desse tre sokna. Ein vert tilsett i heile fellesrådsområdet, og må rekne med noko arbeid og i dei andre kyrkjene. Stillinga kan bli fast.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar:
*Kyrkjemusikalsk utdanning eller anna relevant utdanning/røynsle
*Allsidig orgel- og/eller pianodugleik
*Kunne meistre ulike musikalske uttrykksformer
*Røynsle frå kyrkjelydsarbeid og kjennskap til norsk gudstenesteliv
*Kunne kommunisere godt på norsk -- både skrifteleg og munnleg.
*Lojalitet til kyrkja sine grunnverdiar og visjon
Personlege eigenskapar:
*Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig inspirere, kommunisere og samarbeide godt med frivillege og stab
*Engasjert, fleksibel, strukturert og løysingsorientert
*Open for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
Andre vilkår:
*Medlemskap i Den norske kyrkja
*Må disponere bil
*Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjinga
Arbeidsoppgaver
*Planlegge og gjennomføre gudsteneste, gravferder, vigsler og institusjonsandakter i samarbeid med prest/stab
*Inspirere til variert og breitt musikalsk uttrykk i gudsteneste og anna kyrkjelydsarbeid
*Ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkjene sine instrument
*Andre oppgåver kan bli aktuelle
Vi tilbyr
*Spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø
*Løn etter gjeldande tariff
*Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461144519
- Sist endret
