Barnehagelærar og pedagogisk leiar
Stryn Kommune
- Frist 11.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Barnehagane i Stryn kommune treng fleire barnehagelærarar og pedagogisk leiararar i både faste stillingar og vikariat for barnehageåret 2026/27. Vi lyser derfor ut på nytt og håpar vi kan trekke til oss søkarar for tilsetting frå august 2026. Vi har behov for barnehagelærar og pedagogiske leiarar ved barnehagane i Oppstryn, Vikane, Olden og Loen i tillegg til vikariat I Tonning og Vikalida bhg.
Stryn kommune har i alt 7 barnehagar i Vikane, Olden, Loen, sentrum, Nordsida og Oppstryn. Av desse er 3 i kombinasjon med skule og SFO og 4 sjølvstendige barnehagar.
Utlysinga er ei fellesutlysing for tilsetting for barnehageåret 2026/27 med oppstart 1. august 2026.
Vi ser etter deg som har lyst til å delta i utviklinga av barnehagane i kommunen vår, som barnehagelærar og/eller pedagogisk leiar. Er du ein person med engasjement, god relasjonskompetanse, er omsorgsfull og likar å jobbe med born saman med gode kollegaer, oppfordrar vi deg til å søke.
Arbeidsoppgåver
Arbeid og ansvar for pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen
Bidra til eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
Legge til rette og delta i leik og læring
Delta aktivt i samarbeid med kollegaer og føresette
Kvalifikasjonar
Krav om fullført / godkjent utdanning som barnehagelærar
God norskkunnskap både munnleg og skriftleg
Relevant praksis vert veklagt
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner samt evne til sjølvstendig arbeid
Trygg omsorgsperson og god rollemodell
Personlege føresetnader vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Variert og spennande arbeid i eit positivt miljø
Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtaler og reglement
Løn etter tariff
Gode pensjonsvilkår i KLP
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av ny dato
NB! Nedskriving av studielån etter Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr. 25.000,- for buande i Stryn kommune
Kontaktinformasjon
Ingrid Sylvia Renberg, Kommunalsjef oppvekst , 95161165Anne-Siv Jevnehagen, Konsulent, 959 36 952
Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5118996266
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461133689
- Sist endret
