Er du vår nye sjukepleiar?
Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Enten du er nyutdanna eller har erfaring fra sjukehus eller andre arbeidsstader, søker vi deg!
Om stillingane
- 80% fast stilling med tiltreding snarast. Kan kombinerast med 20% vikariat om ønskelig.
- 100% vikariat med tiltreding snarast (oppstartstidspunkt kan diskuterast) til 01.09.2026 med moglegheit for forlenging.
- Stillingane går i 3-delt turnus, med moglegheit for langvakter kvar 3. eller 4. helg
- Opplys i søknaden kva stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert til.
Om avdelinga
Medisinsk sengepost er ein spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon.Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå.
På avdelinga har vi fokus på fag og tilbyr jamleg simuleringstrening og undervisning. Vi er opptatt av eit godt arbeidsmiljø.
Om Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu, med gode barnehage- og skuletilbod samt eit rikt fritids- og kulturtilbod. Det er også kort veg til flyplass.
Arbeidsoppgåver
- Mottak, observasjon og oppfølging av pasientar
- Tverrfagleg arbeid knytt til pasientoppfølging
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS Arena og Meona
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel
- Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfaglig
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og ansvarsbevisst
- God fagleg vurderingsevne
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
- Har ønskje om fagleg utvikling, og tek initiativ til eiga opplæring og utvikling
- Evne til systematisk arbeid
- Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- God opplæring ut ifra behov
- Varierte og spennande oppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, +47 416 48 264Arbeidsstad
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5118828695
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikariat, Fast
Startdato: 27.04.2026
Søknadsfrist: 18.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461117943
- Sist endret
