Vikariat helsefagarbeider 100%
Alver kommune
- Frist 4.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledig eit 100 % vikariat som helsefagarbeidar i perioden juni 2026 til oktober 2027. Det kan vere moglegheit for forlenging av vikariatet ved behov.
Arbeidsoppgåver
Er du klar for ein variert kvardag med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling? Hos oss vil du få moglegheita til å hjelpe brukarar med personleg hygiene, forflytting og måltid, samt observere og rapportere endringar i brukarar sin helsetilstand til relevante fagpersonar. Vi verdset tverrfagleg samarbeid og jobbar tett med ulike fagmiljø for å sikre best mogleg omsorg.
Dei siste åra har vi satsa stort på velferdsteknologi og kvardagsmeistring, noko som gjer oss til ein spennande arbeidsplass i stadig utvikling. Vi krev at alle utførte tenester vert dokumenterte i Profil, og som helsefagarbeidar kan du få medisindelegering etter avtale.
Om avdelinga
Ostereidet heimeteneste er ei avdeling med høg fagleg kompetanse og engasjerte, dyktige medarbeidarar. Avdelinga har eit stort geografisk ansvarsområde som strekkjer seg frå Mundal til Dykolbotn, med avstikkarar til mellom anna Veland og Dalsgrend.
Hos oss får du spanande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit fagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Kven er du?
Ein som trivst med å arbeide sjølvstendig.
Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø.
Du er løysingsorientert og fleksibel.
Du er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga.
Du har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneAnnonseinformasjon
- FINN-kode 460997991
- Sist endret