Sjukepleiarstillingar ved Såta bu- og servicesenter
Alver kommune
- Frist 11.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar med hjarte for fag og folk? Vi vil ha deg!
Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter
Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som snart skal åpne? Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling. Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg. Vi har årsturnus.
Hos oss skal det også jobbe helsefagarbeidarar og pleieassistentar.
Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning.
Om Såta bu- og servicesenter
I september 2026 skal Såta bu- og servicesenter utvida, og me utvidar med 13 somatiske plassar. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.
Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for heilskapleg sjukepleie til pasientar
- Observasjon, vurdering og oppfølging av helsetilstanden til pasientane
- Utføring og oppfølging av til dømes:
- legemiddelhandsaming
- ADL
- sårstell
- ernæring og væskebehandling
- lindrande behandling
- Iverksetjing og evaluering av sjukepleietiltak
- Veileding av kollegaer og studentar
- Samarbeid med pårøyrande
- Tverrfagleg samarbeid
- Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Kven er du?
Me søkjer sjukepleiarar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig.
Vi tilbyr
- Fagleg spennande arbeid i nyoppstarta avdeling
- Årsturnus
- Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
FerdigheterAI-generert
- Administrative oppgaver i et medisinsk miljø
- Bred klinisk erfaring
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Norsk
- Sårstell
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta.
Sjukeheimstenesta har også tilsett eigne sjukeheimslegar.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460759576
- Sist endret

