Helgestilling
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
- Frist 13.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye kollega på helg? Vi har ledig ei fast helgestilling i Miljøarbeidertenesta, avdeling Utsikten.
Miljøarbeidertenesta levere i dag teneste til omlag 65 brukarar med nedsett funksjonsevne og psykiske lidingar. Vi har ca. 83 årsverk fordelt på åtte avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman med overordna mål om å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov.
Stillinga er lagd til ei ny avdeling lokalisert i 2 etg. på Gloppen omsorgssenter med fire omsorgsbustadar. Målgruppa er vaksne/eldre brukarar med utviklingshemming. I vekedagane er der dagaktivitetstilbod for målgruppa. Ein er to personale på arbeid gjennom dag/kveld. Helgestillinga er organisert i årsturnus med langvakter (13-14t) fredag, laurdag og søndag i snitt kvar fjerde helg. Tiltreding etter avtale.
Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra inn i miljøarbeidet. Arbeidskvardag er variert med miljøarbeid, helseoppfølging og bistand til daglege praktiske gjeremål i kvardagen og hjelp til hygiene og eigenomsorg. Vi legg til rette for aktivitet som kan gjere kvardagen meiningsfull for den enkelte.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene er brukarretta og består mellom anna av:
- Hjelp til daglege praktiske gjeremål
- Helseoppfølging
- Miljøarbeid og aktivitet
- Observasjon og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har erfaring frå målgruppa, gjerne med helse/sosialfagleg utdanning
eller deg som tenkjer at dette kan vere stillinga for deg, sjølv utan spesifikk erfaring eller formell kompetanse
- Du må vere over 18 år
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Kunne nytte journal- og fagsystem
- Førarkort kl. B er ynskjeleg
- Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad.
Vi søker deg som
- Er ein god teamarbeidar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har godt humør, omsorgsevne og er god til å skape relasjonar
- Er ein ansvarsbevisst og trygg vaksen
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for utvikling fagleg og personleg.
- Opplæring og rettleiing på arbeidsstaden og via kurs som sikrer at du har den kompetansen du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvene dine.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Mari Helen Kornberg, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, 479 90 914Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5111088742
Stillingsprosent: 28%
Fast
Søknadsfrist: 13.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460873155
- Sist endret


