Faglærer Yrkesfaglig fordypning gull - og sølvsmedhåndverk
Agder fylkeskommune
- Frist 15.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Faglærer Yrkesfaglig fordypning gull - og sølvsmedhåndverk
Vil du vere med og gi unge menneske handlag, fagleg stoltheit og tru på eigne uttrykk? Hos oss er eleven i sentrum. Vi ser etter ein lærar som forstår at god opplæring handlar om meir enn å lære eit handverk. Ho handlar også om danning: å bli kjend med seg sjølv gjennom arbeid, utvikle fagleg dømmekraft, oppleve meistring, ta ansvar, samarbeide med andre og finne si eiga stemme i faget. Vi ønskjer ein kollega som legg til rette for elevmedverknad, og som ser demokratiet som noko elevane skal få erfare i praksis – gjennom reell innverknad, dialog, val og medansvar i opplæringa.
Setesdal vidaregåande skule, avdeling Valle, søkjer ein engasjert og fagleg sterk lærar i 40 % stilling til yrkesfagleg fordjuping på VG2 gull- og sølvsmedhandverk. Undervisninga går føre seg på skulen. Vi ønskjer primært ein filigransølvsmed med sveinebrev. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med denne bakgrunnen, kan søkjarar med sveinebrev i gullsmedfaget vere aktuelle for undervisning på VG3 gullsmedfag.
Arbeidsoppgaver
- Undervise i yrkesfagleg fordjuping på VG2 innan filigransølvsmedfaget, men kan også være behov i programfag og/eller på VG3 innan gullsmedfaget
- Leggje til rette for læring og arbeide med ungdom i vidaregåande opplæring
- Planleggje og gjennomføre undervisning med høg fagleg kvalitet og god didaktisk medvit
- Knyte saman tradisjonshandverk, samtid, skaparglede og utforskartrong
- Sjå kvar elev, byggje relasjonar og skape eit trygt og motiverande læringsmiljø
- Vere med og utvikle eit fagmiljø der både kulturarv og nytenking har plass
Kvalifikasjoner
Vi tror du vil lykkes i rollen dersom du har …
- Sveinebrev i filigranssølvsmed og/eller gullsmed.
- Relevant arbeidserfaring frå fagfeltet, gjerne i skjeringspunktet mellom tradisjonshandverk og moderne smykkekunst
- Kompetanse til å planleggje og gjennomføre undervisning med medvit om didaktikk, elevmedverknad og danning, i tråd med verdigrunnlaget til skulen
- Kompetanse til å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø der elevane får medverke i eiga læring og utvikling
- Gyldig politiattest. Framlegging av politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. Innhenting av politiattest for tilsette i skulen er regulert i opplæringslova § 17 - 11 og forskrift til opplæringslova kapittel 15
Personlige egenskaper
- God relasjonsevne i møte med elevar, med vekt på tolmod, empati og tilpassingsevne
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
- God forståing for å leggje til rette for elevaktive læringsformer og reell elevmedverknad i verkstad og klasserom
- God forståing for korleis ein kan arbeide med danning, demokrati og medborgarskap gjennom praktisk-estetiske fag
- Interesse for å utvikle undervisning som tek utgangspunkt i både tradisjonar og samtidige uttrykk
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass som legg vekt på tillit, meistring og samarbeid
- Varierte, interessante og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
- Eit stimulerande fagmiljø der du kan lære og utvikle deg
- Les meir om skulen vår her: https://setesdal.vgs.no/
- God pensjonsordning i SPK. For meir informasjon om våre gode ordningar, sjå https://agderfk.no/
FerdigheterAI-generert
- Gullsmedarbeid
- Sølvsmedarbeid
- Tradisjonelt håndverk
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
I Agder fylkeskommune er vi over 3 000 ansatte som arbeider med videregående opplæring, høyere yrkesfaglig utdanning, tannhelse, samferdsel, fylkesveger, kollektivtransport, kultur og en rekke andre fagfelt. Sammen skal vi utvikle Agder til en miljømessig, sosialt og økonomisk bærekraftig region i 2030. Les mer om oss her.
Alle som søker stillingen må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Webcruiter.
Offentlig søkerliste utarbeides etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønsker å reservere deg fra oppføring på offentlig søkerliste må dette begrunnes. Du vil bli varslet om reservasjon ikke tas til følge.
Vi er sertifisert i Likestilt arbeidsliv. Det betyr at vi jobber systematisk for likestilling, mangfold og inkluderende arbeidsmiljø. Hos oss er det kompetanse og engasjement som teller - uavhengig av bakgrunn. Les mer her: Likestilt arbeidsliv - Agder fylkeskommune
- Sektor: Offentlig
- Sted: Harstadvegen 73, 4747 Valle
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Faglærer(IT, idrett, kunst), Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Filigransølvsmed, Gullsmed, Faglærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460800109
- Sist endret

