Ungjobb 2026
Oppvekst, Gloppen kommune
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Fast
UngJobb er eit initiativ frå Ungdomsrådet i Gloppen for å tilby sommarjobb og småjobbar for ungdom frå 8. klasse til Vg2. No i denne omgang kan vi tilby 2 veker jobb i sommar til 5-6 ungdomar. Tidspunkt vert du samd med arbeidsplassen om. Vi tilbyr følgande mogelegheit for jobb sommaren 2026:
- Mona barnehage, Sandane - arbeid i barnehagen. Kontaktperson er Else L. Bakkelid
- Gloppen kommunale kjøkken, Sandane - arbeid på kjøkkenet, søkjar bør helst gå på Vgt1 eller Vg2. Kontaktperson er Jean Daniel Tenud
- Hyen skule og barnehage, Hyen - arbeid på SFO/barnehage. Kontaktperson er Anne Kristin Eimhjellen.
- Kyrkja i Gloppen - arbeid på gravplassane, søkjar bør helst vere fyllt 16 år for arbeid med maskiner. Kontaktperson er Audun Mundal
Skriv ein søknad og ta gjerne kontakt med arbeidstadane du kan tenkje deg å jobbe. I søknaden prioriterar du kva arbeidstad du helst vil jobbe på, eller om du er interessert i alle. Du må rekne med at det vert ei jobbsamtale før tilsetting.
Ungdomsrådet og kommunen inviterer til info og dialog om ungdom i jobb onsdag 29. april kl. 19 i kommunestyresalen. Både ungdom, foreldre, arbeidsgivarar og privatpersonar som kan ha små og store arbeidsoppdrag er velkomne! De får høyre om krav og reglar, og kan stille spørsmål. Veronica Hauge og Landbrukstenester Nordfjord blir med, og det blir info om nokre kommunale sommarjobbar som er ligg ute no. Meir info på kommunen si nettside, under aktuelt: UNGjobb. (https://gloppen.kommune.no/aktuelt-og-nyheiter/ungjobb-mote-om-ungdom-og-jobb.202866.aspx)
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og tilpassa din alder alt etter kva arbeidsstad du jobbar på. Du må elles arbeide etter dei rutiner som gjeld på den aktuelle avdeling.Kvalifikasjonar
Du treng ingen spesielle kvalifikasjonar anna enn at du er motivert for å jobbe og kan møte opp til avtalt tid og gjere dei oppgåvene du vert sett til. Du vil få nødvendig opplæring.
Personlege eigenskapar
- Du går på ungdomsskulen eller på Vg1 eller Vg2 på vidaregåande skule.
- Du har ikkje anna sommarjobb frå før.
- Du er punktleg, fleksibel og kan ta ansvar og initiativ.
- Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
- Du kan snakke norsk
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- God opplæring og oppfølging.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding i nokre av jobbane.
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Kontaktinformasjon
Jean Daniel Tenud, Avd.leiar kjøkken, 99242807Audun Mundal, Kyrkjeverge, 40280027
Anne Kristin Eimhjellen, Rektor, 92407655
Else Lundestad Bakkelid, Styrar, 97095123
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5110310793
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460766293
- Sist endret


