Journalist – 100 % stilling – Tysnes
Bladet Tysnes
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Bladet Tysnes søkjer etter ny journalist i 100 % fast stilling. Som vår nye journalist ønskjer me at du skal bidra til å løfta og utvikla avisa vidare, til glede både for dei som les digitalt og på papir. Me er opptekne av å få fram dei gode historiene frå vår flotte kommune, og samtidig retta søkelyset der søkelyset bør rettast. Me dekker alle sider av lokalsamfunnet, frå politikk og krim til sport og kulturliv, og som journalist i Bladet Tysnes får ein prøva seg innanfor dei fleste felt. Me publiserer også vår eigen podkast, Lyden av Tysnes.
Journalist-/medieutdanning og/eller minst to års erfaring som journalist er eit krav.
Som journalist hos oss må ein disponera eigen bil.
Du får:
-- ein variert og spennande arbeidskvardag
-- stor tillit, mykje ansvar og moglegheit til å påverka utviklinga av avisa
-- sjansen til å jobba med eigne idear og saker
-- moglegheiter for kurs og fagleg påfyll
Me ser etter deg som:
-- elsker lokalaviser, og ynskjer å vera med og fortelja dei gode, lokale historiene
-- er entusiastisk, sjølvgåande og har godt humør
-- kan jobba sjølvstendig og i lag med andre
-- vil bidra til eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
-- har stålkontroll på nynorsk som målform, eller lærer fort
Søknad og CV med referansar kan sendast til redaktør og dagleg leiar Randi Kleppe.
Ta gjerne kontakt viss det er spørsmål om stillinga.
Aktuelle kandidatar blir intervjua fortløpande. Oppstartsdato etter nærmare avtale.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460662711
- Sist endret



