Eigedomsforvaltar Teknikk og miljø
Kvinnherad kommune Sektor teknikk og miljø
- Frist 13.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Eigedomsforvaltar Teknikk og miljø
Kvinnherad er ein kommune med store areal, variert landskap og sterke lokalsamfunn - frå fjord til fjell. For å leggja til rette for god utvikling og berekraftig bruk av areal, treng vi trygg og profesjonell eigedomsforvaltning. Vi søkjer no ein eigedomsforvaltar som vil vera med å ta vare på kommunen sine eigedomar, samstundes som du bidreg til vidare vekst og bulyst i ein attraktiv distrikstskommune.
Omtale av stillinga
Vår eigedomsforvalter / rådgivar skal over i pensjonisttilvære og vi søkjer derfor etter ein person som kan ta over dette ansvaret. I samband med forvaltning, prosjektering og utbygging er det viktig å ivareta grunneigar rolla på vegne av Kvinnherad kommune. Vi søkjer derfor etter ein eigedomsforvaltar som kan vera med å ivareta desse oppgåvene.
Stillinga ligg i staben til Sektor Teknikk og miljø og skal samarbeida tett med kommunalsjef i sektoren og andre i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
- Forvaltning av den kommunale eigedomsporteføljen.
- Kjøp og sal av ubebygde og bebygde eigedomar
- Grunnerverv, tilrettelegging og sal av areal i samband med nye utbyggingsprosjekt.
- Utarbeide avtalar og kontraktsdokument.
- Spørsmål knytt til kontraktsrett og offentlege anskaffingar.
- Andre oppgåver kan bli pålagt stillinga ved behov.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innanfor arealforvaltning, eigedomsutvikling, jordskifte eller liknande.
- Det er ønskjeleg å ha kunnskap om eigedomsrett, kontraktsrett, offentleg anskaffing og anna juridisk kompetanse.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid.
- Gode IT kunnskapar.
- Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg.
- Sertifikat kl. B
- Lang relevant erfaring kan kompensera for manglande formalutdanning.
Vi ser setter deg som :
- har gode samarbeidsevner, men også kan arbeide sjølvstendig og systematisk.
- er ansvarsbevisst.
- har god innsikt i grunneigarrolla.
- har gode kommunikasjonsevner, og er god til å etablera og utvikle tillitsfulle relasjonar og skape forståing for vår verksemd.
- har evne til å sjå moglegheiter og løysingar på tvers.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- I Kvinnherad er det ingen eigedomsskatt pr idag for hus og hytter.
- I Kvinnherad har vi gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
Andre fordeler
Kvinnherad kommune er ein av utvalde distriktskommunar der ein kan søkja om å få sletta inntil kr 25 000,- av studielånet sitt på gitte vilkår. For meir informasjon sjå her studielånet
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
FerdigheterAI-generert
- Eiendomsforvaltning
- Eiendomsutvikling
- IT-kompetanse
- Kjøp og salg av egen fast eiendom
- Norsk
- Offentlige anskaffelser
- Porteføljeforvaltning eiendom
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon
Nøkkelord
Eiendomsforvaltar, Eigedomsforvaltar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459990246
- Sist endret


