Nestleiar - helse og sosial
Stryn Kommune
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Nestleiar – helse og sosial
Er du ein trygg fagperson med god oversikt over helsefagleg jus, nasjonale føringar og kommunal drift? Ønskjer du ei sentral rolle med stort ansvar og høve til å påverke utviklinga av helse- og sosialtenestene?
Vi har ledig ei spennande stilling som nestleiar i helse- og sosialetaten, der du vil vere ein sentral samarbeidspartnar for etatsleiar og ein viktig bidragsytar i både strategisk og operativ leiing av etaten.
Helse- og sosialetaten omfattar om lag 480 tilsette fordelt på 261 årsverk. Etaten har ansvar for eit breitt spekter av tenester, mellom anna pleie- og omsorgstenester, tenester for personar med funksjonsnedsetting, psykisk helse og rus, legetenester, helsestasjon og skulehelseteneste, fysio- og ergoterapi, flyktningteneste og barnevern.
Kommunen står framfor store omstillingar dei komande åra som følgje av demografiske endringar, auka behov for helse- og omsorgstenester og strengare krav til berekraftig drift. Etaten arbeider aktivt med TØRN og andre utviklingsprosjekt for å sikre framtidsretta løysingar, rett dimensjonering av tenestene og planlegging av framtidige omsorgsbygg.
Som nestleiar vil du ha ei nøkkelrolle i dette arbeidet og bidra til at kommunen er godt rusta til å møte framtidige krav og forventningar.
Om stillinga
Nestleiar er organisert i stab i helse- og sosialetaten, med kommunalsjef som næraste leiar. Stillinga er ein del av etaten si øvste leiing og inneber rolla som stedfortredar for kommunalsjef.
Som nestleiar har du eit overordna ansvar for fagleg kvalitet i drift, tildeling av helse- og omsorgstenester og oppfølging av nasjonale føringar og lovverk. Du vil ha ei sentral rolle i etaten sitt kvalitets- og forbetringsarbeid, samt ansvar for saksbehandling og handtering av tilsyns- og klagesaker.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er varierte og komplekse, og omfattar mellom anna:
Leiing og fagleg ansvar:
- Vere stedfortredar for kommunalsjef og del av etaten si øvste leiing
- Fagleg rådgjevar for leiarar i helse- og sosialetaten
- Følgje opp og sikre etterleving av gjeldande lover, forskrifter, retningsliner og nasjonale føringar
- Ansvar for oppfølging av etaten sin kompetanseplan
Tildeling, kvalitet og forvaltning
- Overordna ansvar for tildeling av alle helse- og omsorgstenester
- Leiar av tildelingsnemnda i helse og sosial
- Overordna ansvar for saksbehandling, klagehandsaming og oppfølging av tilsynssaker
- Personalansvar for sakshandsamarane på tildeling
Administrasjon og rapportering:
- Overordna ansvar for rapportering til nasjonale register (m.a. IPLOS og KOSTRA)
- Ansvar for søknad og rapportering knytt til statlege tilskotsordningar og ressurskrevjande brukarar
- Forvaltning av ordningar knytt til utdanning, stipend og permisjon
Kvalifikasjonar
- Autorisert høgskuleutdanna helsepersonell, fortrinnsvis sjukepleiar
- Relevant erfaring frå helse- og sosialsektoren, gjerne frå kommunal verksemd
- God forståing for helsefagleg jus, kommunalt regelverk og forvaltningsprosessar
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ein fordel
- Vidareutdanning eller erfaring innan helsejus er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er trygg, strukturert og fagleg sterk, med god vurderingsevne
- Har tydeleg rolleforståing og tek ansvar i ei kompleks leiarrolle
- Arbeider sjølvstendig, samstundes som du samhandlar godt med leiarar, medarbeidarar og eksterne aktørar
- Handterer krevjande saker på ein profesjonell og trygg måte, og står støtt i møte med tilsyn og klager
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Vi tilbyr
- Ei stilling med stor grad av tillit, ansvar og handlingsrom
- Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver i ei sentral leiarstilling
- Høve til å vere med og forme og vidareutvikle kommunale helse- og sosialtenester
- Eit godt fagmiljø og tett samarbeid med etaten si øvste leiing
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
NB! Nedskriving av studielån etter Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr. 25.000,- for buande i Stryn kommune
Kontaktinformasjon
Alexander Rande, Kommunalsjef, helse og sosial, 97040762Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5113822240
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460635421
- Sist endret
