Seksjonsleiar
AVDELING FOR DISTRIKTSPSYKIATRISKE SENTER DPS NORDMØRE OG ROMSDAL, Helse Møre og
- Frist 3.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig 100 % fast stilling som seksjonsleiar ved Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde.
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein del av DPS-tilbodet til pasientar busett i Romsdalen. Vi samarbeider mest med kommunar i Romsdal, men óg ein del på tvers av fylket, både Nordmøre og Sunnmøre.
Seksjonen har totalt 16 døgnplassar, av dette 2 brukarstyrte plassar. Ansattegruppa er tverrfagleg samansett med lege, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, fysioterapeut og aktivitør. Vi tilstreber å ha ein høg fagleg profil, og dei fleste har vidareutdanning/spesialisering. I det miljøterapeutiske arbeidet vert gruppebehandling og fysisk aktivitet vektlagt. Vi tilstreber å ha fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. Vi har eit eineståande arbeidsmiljø, og dette gjenspeiler heile seksjonen og behandlinga som vi tilbyr pasientane våre.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ta kontakt med avdelingssjef for nærmare informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Enheitleg leiing, og driftsansvar for seksjonen, som inneber økonomisk-, personal- og fagleg ansvar
- Ansvar for seksjonen sitt kvalitets- og forbetringsarbeid
- Bidra til å vidareutvikle seksjonen, og til at nødvendige endringar i seksjonen gjennomførast
- Ein del av avdelinga si leiargruppe og aktivt bidra til å vidareutvikle avdelinga
- Andre oppgåver etter avtale med avdelingssjef
Kvalifikasjonar
- Universitets/ høgskuleutdanning innan leiing/ psykisk helse
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helse
- Leiarerfaring
- Må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er ein synleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling
- Du evner å sette mål, og jobbe strukturert og målretta for å nå desse
- Du har evne og vilje til å måle resultat, evaluere og korrigere
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
- Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du har gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Et godt arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i KLP som gir en god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféar og spisestadar. Les meir her.
Kontaktinformasjon
Tor Nygaard, Avdelingssjef, 991 67 650, tor.nygaard@helse-mr.noArbeidssted
Nøisomhedvegen 126416 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5047524997
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460238470
- Sist endret



