HR-rådgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 20.05.2026
- Ansettelsesform Fast
HR-rådgiver
Vil du vere med å utvikle arbeidsgivar‑ og organisasjonsområdet i Møre og Romsdal fylkeskommune saman med eit fagleg sterkt og utviklingsorientert HR‑team?
Vi søkjer ein HR‑rådgivar med arbeidsoppgåver i hovudsak knytte til sjukefråværsoppfølging og arbeidsmiljøarbeid i tannhelsetenesta. Stillinga er organisatorisk plassert i HR‑seksjonen i fag- og stabsavdelingane, og inneber arbeid med organisasjonsutvikling i tett samspel med leiarar i tannhelsetenesta.
Hos oss får du vere med å ivareta den overordna arbeidsgivarfunksjonen og vere ein pådrivar for strategisk organisasjonsutvikling, forbetringsarbeid og berekraftige HR‑løysingar. Du blir ein del av eit HR‑miljø med tett dialog på tvers av heile fylkeskommunen, og får samtidig innsikt i HR‑arbeid innan fleire fagområde – frå tannhelse til samferdsel, bygg, vidaregåande opplæring, fagskole, kultur og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- IA-arbeid/førebygging og oppfølging av sjukemelde
- Kartlegging og oppfølging av psykososiale forhold på gruppe- og individnivå
- Handtering av krevjande personalsaker - disiplinære saker, AKAN, klagesaker
- Rådgiving og støtte innan organisasjonsutvikling og det systematiske HMS-arbeid
- Støtte til leiarar på heile HR- og organisasjonsområdet
I tillegg vil du bidra inn i rekrutteringsarbeidet ved behov. Andre drifts- og utviklingsoppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Har relevant høgare utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og med relevant erfaring kan vurderast til stillinga
- Kjennskap til relevant lov- og avtaleverk, og beste praksis
- God saksbehandlingskompetanse
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk
- God digital kompetanse
I tillegg er det en stor fordel med erfaring innanfor
- IA-arbeid/Sjukefråværsoppfølging
- Oppfølging av psykososiale forhold
- Handtering av krevjande personalsaker
- Systematisk HMS-arbeid
- Offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
- Er initiativtakar og bidreg til utvikling og innovasjon i HR‑arbeidet
- Er resultatorientert, strukturert og samarbeidsorientert
- Har gode relasjons‑ og kommunikasjonsevner
- Handterer utfordringar på ein løysingsorientert måte Medverkar aktivt til utvikling i samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og utviklande stilling i eit profesjonelt HR miljø med sterke fagressursar
- Offentleg pensjonsordning, gruppeliv- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Om arbeidsplassen
HR-seksjonen ligger fylkeskommunedirektørens stab (stab for organisasjon og tenesteutvikling), men vil ha tett samarbeid med tannhelsetenesta.
Vi har kontorarbeidsplassar både ved fylkeshuset i Molde, Campus Kristiansund og NMK i Ålesund. Denne stillinga ønsker vi primært lokalisert i Molde, men vil kunne vurdere delt arbeidsstad mellom Molde og Kristiansund eller Ålesund.
FerdigheterAI-generert
- Disiplinærsak
- Environment, Health and Safety (EHS)
- Kjennskap til offentlig virksomhet og lov - og avtaleverk
- Organisasjonsutvikling
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest.
Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykefravær, Arbeidsmiljø, HMS, Organisasjonsutvikling, Krevende saker
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461517658
- Sist endret



